søndag 18. mars 2018

Perfekt broddføre

Mykje fin kunst i fjellet om dagen

ds

Flokenes

Dagens selfie på Indrevågefjellet

Osland
I dag gjekk eg opp på motsett side av Vågeskaret på Osland/Vågane i forhold til i går. Bratt opp fjellet mot Indrevågefjellet i aust. Med 8 (!) minusgrader heime på morgonen, var det sjølvsagt hardt underlag oppover. Ja, for det meste heile vegen. Både opp og austover til Middagsnipa. Med fòk- og flaksnø inn i mellom. Perfekt for broddar. Utan broddar vil eg ikkje anbefale nokon å gå opp slik forholda er no. Det er både bratt, hard snø og skare øverst oppe over Osland. 

Elles er det nydeleg å gå innover mot Indrevågefjellet og Middagsnipa. I dag med sol og vindstille. Ja, så vindstille som det går an i dette vèrutsette området. Utan vegetasjon i det heile. 

Det var ingen nye namn i fjelltrimboka sidan eg var her sist 2.mars. Rart egentleg. Men fjellet får vel meir besøk når det vårast noko meir. 

Eg tok meg ein tur nordvest over etterpå. Frå eit par av toppane her er det fin utsikt ned til Flokeneset. Deretter gjekk turen vest igjen til Indrevågefjellet med retur ned att til Vågeskaret. Nok ein flott tur denne helga. Og neste helg er det påskefri...😄

Ingen kommentarer: