tirsdag 11. oktober 2016

Fjelltrimsesongen AHIL

Frå oppstigninga til Smørskornova frå nord 1/10-16



Eit par tips til den nye fjelltrimsesongen

Fossedalshengenipa, Smørskornova og Fanafjellet er fine å ta i lag (3 bøker "på ein gong") Det er eit stykke frå Fossedalshengenipa til Smørskornova via Nipebu, men på vinteren er faktisk dette den flottaste skituren som er i fjella i Askvoll. Frå Smørskornova til Fanafjellet via Siklabergvatnet og Mannskaret, er det ikkje så lange stykket.

Eit anna tips er å ta Fossedalshengenipa først, for for så å gå på Smørskornova frå Oslandsbotnen og Svelia etterpå. Då sparer du mykje køyring frå Skorva til Holmedal eller Rivedal når du først er "nordaførr". Det er nemleg fint å gå på Smørskornova via dei to skara i enden på Svelivatnet. Via skaret lengst aust kjem du opp rett vest for Røyrbotnholten og føl "den vanlege ruta" opp. Og via det største skaret kjem du opp rett på nordsida på Smørskornova. Ver likevel obs på at om vinteren er det unnasols her, og det kan vere skare/is opp stigningane.

Fanafjellet er dessutan heilt supert å gå på frå Neset i Stongfjorden. Opp ruta frå Ansgar Bjarne. Godt merka til Moldura der du berre tek av øvst oppe ved Langedalen. Då slepp du endå meir køyring. Aberet med fjelltrimmen i seg sjølv er jo all køyringa, så det er greitt å kunne planlegge litt.

Framsidebildet som ligg ute no er teke rett vest for Smørskornova ved Langevatnet 1.oktober i år. #mountainsinaskvoll

Ingen kommentarer: