mandag 19. september 2016

Bryllaup Caroline Miriam og Øystein Olav


Mor til Caroline, Karin , med brudgom og forlovarar
Brudeparet stråla om kapp med sola
Somme har kanskje fått med seg at vi var i bryllaup til yngste bror min, Øystein Olav, i helga. Vi reiste såleis mykje av slekta vår til Hamar fredagen. Olaug, Peter og eg hadde teke oss ein feriedag. Det hadde fleire av dei andre syskene mine òg. 

Vi kom fram til Hamar i 16.30 tida. Som dei første blant oss sjekka vi inn på Victoria Hotell. Fin mottaking og greitt rom. Resten av gjengen dukka opp etter kvart. 

Vi var rimlegvis svoltne etter den lange bilturen. Så svoltne at vi hamna inn på næraste Pizza bar der 15 stykke av oss brått skulle ha pizza så fort som mogeleg. Men dette tok sjølvsagt si tid. Pizzaen stod ikkje ferdig då vi kom. Men med noko godt i glaset, og god prat, kom maten på bordet fort nok. Ingen hadde gått med av hunger....


Ivar og Torgeir ventar på pizza fredag
Margunn og Ida kosar seg på Pizza bar


Så var det fotballpub. Eit himla liv. Øl-dunst og høgt volum. Så høgt at Peter, Sillan og eg gjekk til hotellet i pausen. Dagen hadde vore lang nok. Men etter kva ein seier heldt mange det gåande ei god stund etter at vi var gådde... 

Frukost er eit must. Morgonfugl som eg er tok eg meg ein tur langs Mjøsas breidder før dørene opna. Ein stille morgontur då det grydde av dag. Ikkje eit menneske. Og så gjekk månen ned... Fantastisk! 


Mannen i månen gjekk til sengs medan eg tok morgonturen....


Til frukosten dukka dei opp ein etter ein. Men etter å ha site så lenge og prata at eg tykte det nærma seg lunsjtider, gjekk eg meg ein ny tur. Denne gongen i andre retningen langs Mjøsa. Gang- og sykkelvegane langs vatnet var godt tilrettelagde. Kryssinga av jernbanelinja også. Så eg hadde meg ein fin tur til. Den andre for dagen. Artig å sjå Vikingskipet forresten. Det har eg ikkje sett "live" før. 


Enkelte tok lett på shoppinga...

Så var det tid for shopping. Både her og der. Åleine og ilag med Olaug. Så mykje handel vart det ikkje på meg då - ei ny bukse og litt småtteri. Men Peter fann seg nokre nye klede. Nye proppar til iPhonen (kvifor skal dei vere så dyre - Apple?). Kva Olaug handla er eg ikkje heilt sikker på.... Nokre kaffikoppar vart det òg tid til - både her og der.  


Fantastisk flott brudepar


Nydeleg pianospeling
Men så vart det happeningen vi var komne for då. Stivpynta gjekk vi i samla tropp til kyrkje. Somme sperra opp auga i gatene. Ein tiggar tok av seg hatten og helste (har slike ei anna innstilling til oss menneske enn "folk flest"?) På denne praktfulle og solrike dagen stod kyrkja der som eit kvitpryda slott for Caroline og Øystein. Ramma rundt dagen var som teke ut av eit eventyr. 




Og eventyr vart det. Så tårene trilla av lukke. Ja, eg hikste av broderen der framme. Måtte opp å klemme både ein og to gonger. Eit fantastisk pianostykke førte til meir tårer. Endå meir vått vart det då Caroline Miriam kom opp kyrkjegolvet med far sin, Rein. Ein fantastisk entrè og flotte brurepiker... Rett nok er det lenge sidan eg har vore i bryllaup, men eg kan ikkje minnast flottare gange opp kyrkjegolvet.... 



..og fantastisk operasomg

Margunn les ord frå Bibelen
Presten var flink og folkeleg. Brureparet gjorde etter kva eg kan forstå det heilt prikkfritt. Likeeins forlovarane. Musikken bør òg nemnast. Eit fantastisk operastykke vart framført. På første benk kjendest songen langt inn i beinmargen. Framføringa av musikk på piano og fele var også veldig stemningsfull. 


Mamma, Øystein, Caroline, Karin og Rein


Diamonds are forever
Diamonds are forever 2

Eli Andrea og Anna

Lisa og Karin
Så bar det i buss til Hamar Sagbladfabrikk for sjølve festen. Ein tradisjosrik gamal bygning møtte oss. Flott ytterkledning. Inne kjende ein minna hang i veggane. Bord og lokale nydeleg pynta. Viseverten bar fram praktiske opplysningar, historier og andre ord for dagen. Maten kom på bordet av seg sjølv. Suppe, middag og dessert. Og så var det talar. Eg heldt på å seie i bøtter og spann. Det er kanskje ikkje så lurt å nemne desse. Men talane var særeigne. Fylde av varme og menneskekunnskap. Intenst om sjølve livet. Intenst om gleda ein kan finne i kvarandre. 


(tekst held fram under bilder - inkl bildelink)


Flott bukett!


Flott bukett brudepiker!
Sillan med jentene sine


Torgeir og forlovarar 
Tanta og Ivaren med Sjur

Silje, Åsmund, Lars, Tarald, Margrethe og Håvard
Silje og Åsmund
Syster Mildrid og tanta



Flott uteområdet ved Hamar Sagbladfabrikk

...og fine stemningar

Olaug, Anita, Tone og Leif-Arne

Alle tidsskjema sprakk. Varmen og stemninga dirra i lufta. Kaffigjestane måtte pent vente "på gangen". Ikkje det at eg trur nokon tok skade av det. For den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves - kakene smaka fortreffeleg. 


Mamma kjenner seg "litt som mor" for Magnus som var forlovar for Øystein

Vi søskena og mamma
f.v. Gustav, Leif-Arne Mildrid, mamma, Bergljot, Sigvard og Øystein Olav


Så var det musikalske innslag - "You`ll never walk alone" av Skaarvoices, flott song av Carolines pikekor, ein flokk damer med eigenkomponert teatralsk song, karaoke-innslag "Just a gigolo" av Leif-Arne. Ja, og så måtte den jo dukke opp då - den der om Englarne i himmelen - reine marerittet å få ut av hovudet igjen når du høyrer melodien. Deretter var det dans og meir karaoke inn i dei små timar. Eg kom meg ikkje i seng før klokka 03. Det må vere år og dag sidan sist eg har rangla slik. Truleg 10-15 år sidan. På dei tider då eg smakte anna enn vatn i festlege lag... og var anna enn reine asketen som moderen seier...:-)





Eg fekk selskap av gravide Yngvild som eg er onkel til til frukost søndagen. I 7.30 -tida dukka ho opp. Veldig kjekt å få prate med Yngvild på tomannshand. Det kan eg ikkje hugse har hendt før. Så lurte mamma på om eg var oppe, og då kom ho òg etter eit bèl. Noko seinare då dei fleste hadde kome seg opp til frukost, avtalte vi ein spasertur langs Mjøsa opp til Domkirkeodden. Ein kjekk avslutningstur før det bar heimover til Vestlandet igjen. Vi fekk ein siste "ha det klem" av Caroline og Øystein med forlovarar på parkeringsplassen. 




Eli Andrea er klar for heimreise

Happy the day after....


Eg vil igjen få rette ei stor takk til Rein og Karin Austdal for eit fantastisk flott bryllaup for Øystein Olav og dottera deira Caroline Miriam. Det var ikkje reint lite arbeid, energi og entusiasme som låg bak denne tilstellinga. Det kunne alle sjå. Som eg nemnde lenger oppe - bryllaupet var som eit reint eventyr. Eg lurte nesten på om eg hadde drøymt då eg gjekk gjennom bildebunken min i dag.... Tusen takk!

(P.S. Og hvis nokon framleis lurer så er underteikna eldste bror til Øystein Olav og ikkje pappaen...:-)

Ingen kommentarer: