Vårmånaden mars er like om hjørnet! Med fastelavn og sommartid og stadig lysare dagar. Veldig kjekt! Her er nokre bilder eg har klipt i hop frå denne månaden òg.
blogg Gustav Skaar
torsdag 27. februar 2025
mandag 24. februar 2025
Vinterferie på Gran Canaria
![]() |
Avslapping i Mogan |
Olaug på Amadores Beach etter solnedgang |
Vi gjekk ein god del turar langs strandpromenaden frå Amadores til Puerto Rico. Vi fann ut at vi gjekk denne flott tillaga vegen 9 gonger. I tillegg gjekk vi dei 709 trappetrinna opp frå Puerto Rico og over åsen tilbake til Amadores 4 gonger. Så mange trappetrinn har vi ikkje gått før... Iallefall på så kort tid😃
Puerto Rico |
Ein dag gjekk vi og frå Amadores til Puerto Rico og opp Nydalen til Norskeplassen og Sukkertoppen. Med retur same vegen. 22990 steg! Fin tur i det steinete terrenget. Og vi traff mykje nordmenn på tur. Eit vennepar frå Eikefjorden vart vi pratande med mesteparen av vegen opp. Kjekt!
Bussen brukte vi òg til Mogan og besøkte fredagsmarknaden her. Eit vanvittig skue med boder og utsal av alt mellom himmel og jord. Facinerande. Mogan var elles ein veldig fin by. Spanias Venezia. Vi tok båten tilbake til Puerto Rico og strandpromenaden tilbake til hotellet.
Hamna i Mogan |
Buss tok vi òg ein dag til Arguineguin og besøkte marknaden og Sjømannskirka her. Kjekt besøk med forteljing om kyrkja av ein frivillig som jobba der. Og vi gjekk faktisk heim igjen langs stranda via Patalavaca og Amfi del Mar, vidare opp dalen og åsen til Puerto Rico og til Amadores! Litt såre bein 😄 Ja, vi låg ikkje og drog oss heile dagane på stranda (sjølv om det totalt sett vart flest timar her).
Mykje å sjå på marknaden i Arguineguin |
Vi passerte hula der den norske kvinna held til i fjellet ovanfor Puerto Rico |
Vi tok oss og ein reisedag med Tui. Med tre van-bilar reiste vi opp på nordsida av øya og køyrde øya på tvers ned igjen til Maspolomas.
Vi køyrde omlag denne ruta... |
Fjellandsbyane Teror og Tejeda var veldig flotte (sjå bilder på linken til slutt). I høgda her oppe regna det med tjukk skodde! Men så snart vi kom oss ned igjen mot sør skein sola igjen. Artig! Elles var landskapet i høgda i innlandet heilt annleis enn i sør. Frodig og grønt! Vi fekk oss elles lunch i Fataga og besøkte til slutt eit Aloe Vera bruk. Flott tur!
Basilica i Teror |
Tejeda |
Så alt i alt hadde vi oss eit framifrå opphald på Amadores Beach leilighetshotell nær stranda i Amadores. Spesielt og hyggeleg var det òg å treffe eit par gamle kollegaer. Vi var ut og åt middag eit par kveldar. Sjå mobilfoto og snuttar for eigne inntrykk under!
torsdag 30. januar 2025
Februar i bilder
Arkivbilder frå februar - ein månad som kan by på mange kontrastar her på kysten. Snøklokkene poppar opp, men vinteren er brått tilbake på eit blunk. Likevel - det lysnar kvar dag. Det går rette vegen mot vår...
onsdag 29. januar 2025
Reine påskestemninga
mandag 27. januar 2025
Gamle bilete
På Møteplassen i Askvoll i dag hadde Audun Høvik teke med seg nokre bilete som var tekne av Paul Stang for over 100 år sidan. Onkel til Audun, Paul, var ein framifrå fotograf frå Stongfjorden. Og lenge før si tid. Tre av bileta som er avfotograferte her er tekne ved Krokavatnet og Tjuvbergsnova. Sistnemnde er kjend frå segnet om tjuvane som heldt til her og som røva i Fossedalen - dette er beskrive tidlegare fleire stadar mellom anna her
tirsdag 14. januar 2025
Snøen som forsvann
onsdag 8. januar 2025
Inga skam å snu
Morgonstemning på Staveneset med utsikt til m.a. Kinn, Reksta, Skorpa og Batalden |
Det ligg mykje snø opp bakkane frå Holevika til Høgeheia |
Vinterstemning på Staveneset |
søndag 29. desember 2024
Godt Nytt År
Med januar i bilder ynskjer eg alle eit retteleg Godt Nytt År 🎇
Framsidebildet er frå Fløyen på Heileberget med utsikt ut Dalsfjorden.
mandag 23. desember 2024
Fredeleg jul
Med eitt av bilda eg likar godt ynskjer eg alle ei fredeleg julehøgtid🎅
Foto ved Litlevatnet på ruta til Toreheia/Skylefjellet
torsdag 19. desember 2024
Fossedalen - der ingen skulle tru at nokon kunne bu
![]() |
Øvre Fossedal i dag |
![]() |
Øvre Fossedal fotografert i 1934 av Astrid Fossedal - Fylkesarkivet "det er som dei gamle husa ligg der og søv under dei store snødynene" |