mandag 28. mai 2018

Eg lukta hest




Ypparleg fjelltur på Middagsnipa i kveld. 26 grader heime då eg gjekk. Ja, nesten for varmt opp bakkane. Noko meir klede enn shorts var ikkje nødvendig. Det er nesten så ein må knipe seg i den bare armen for å tru vèret om dagen. Og endå er det berre mai. 



Egentleg gjekk det ganske lett opp. Så kanskje forma er under vegs. Elles fekk eg besøk då eg kom ned att i Vågeskardet. Eine hesten på Osland var selskapssjuk. Så eg fekk klø kan godt under øyret. Det likta han. Litt artig å kome heim att med ekstra lukt av hest. For jammen vart det sveitt....



(obs ein del skraping av vind)


lørdag 26. mai 2018

Slitsom ro




Ja, det vart litt for travelt å sitte på altanen og sjå opp på Skålefjellet i dag tidleg. Utan nokon spesiell plan for dagen, stakk eg avgarde opp dit. Det er jo alltid kjekt å sjå ned igjen òg - for så å sjå opp att òg. Alt ettersom....😃Så so vart no det i dag. For eg skulle sjå etter tre unge frøkner i Gjerda på ettermiddagen. Dei fekk meg til å stupe i fjorden eit par vender frå bryggja på Yndestad òg Men at det var kaldare i vatnet enn på Skålefjellet, kan eg skrive under på. Ein flott sommardag i mai vart det iallefall.

tirsdag 22. mai 2018

Liavika i kveldinga





Eg likar meg veldig godt i Liavika. Ved denne fråflytta og veglause garden mellom Vågen i Grimelia og Staveneset. Her er så stilt og fredeleg. Spesielt kveldar som i kveld. Vårkveldar med sola inn frå vest. Grønfargane er spesielt fine på denne tid. 

Eg sat ei heil stund på benken ved huset i kveld. Høyrde på suset av bølgene som slo inn på stranda. Det er lett å bli poetisk i Liavika. Du anar minna om andre tider som ligg i naturen. Du anar folk som har gått her. Ja, folk som ikkje lenger er blant oss.

mandag 21. mai 2018

Rundt omkring

Blegja og austre Leknesvatn

Eitrenipa


Nordre og Søndre Kringla.
Dale i SUnnfjord og deler av Fossedalsvatnet


Utsikt nordover Krokavatnet. Fossedalshengenipa t.v.


Søndre og Nordre Kringla


Under hammaren ved Krokavatnet

Svortevikstølen i dag

I dag gjekk eg turen på Eitrenipa via Leknesvatna. Deretter ned Eitreskaret og austsida av Krokavatnet til Svortevikstølen (Krokvasstølen), og tilbake til Markavatnet der bilen stod. Sjå GPS-tracking under (denne er dog ikkje heilt nøyaktig på satelitten til Google). 

Eg har skrive om denne turen mange gonger. Den går i eitt av dei flottaste områda i kommunen. Trass i kraftutbyggingane. Området kring Leknesvatna og Krokavatnet har eg alltid likt veldig godt. Utsikta austover Leknesvatna mot Blegja er fantastisk. Likeeins det idylliske området ved vadet mellom vatna (det austlege vatnet er ein meter høgre enn det vestlege.  Det renn ei kort elv mellom dei. Her er det forøvrig ei god bru). 

Dei siste åra har eg meir og meir gått austsida av Krokavatnet på denne turen.. Det passar godt for å gå  tilbake til Markavatnet. Det står nokre veldig flotte og gamle fjellfuruer her som rammar perfekt inn vatnet og Fossedalshengenipa

Sjølvsagt er det flott å gå om Fossedalen òg. Men då er aberet henting på Otterstein, og deretter henting av bil ved Markavatnet. Slikt klaffar ikkje alltid like godt. Og ein er avhengig av andre. Difor er det veldig kjekt å ha fleire alternativ til same turen om du vil. 

Eg toppa ut Eitrenipa kl 9.40. Det bles ganske mykje der oppe. Vèret var overskya med litt solgløtt. Snøen oppe i skaret var nesten heilt borte. Men tankar om å gå N&S Kringla i same "snuren" slo eg raskt i frå meg. Mest på grunn av vinden. Kjekk og lang nok tur med det som var for ein godt 60-åring...👴

Foto Eitrenipa rundt 210518



søndag 20. mai 2018

Vindblesen skalle

Skyformasjonar over Skålefjellet

Vadet ved Krikavatna (sjå kart)

Ved Mangevatna







Etter ei vekes tid med forkjølelse gjorde det særdeles godt å få teke seg ei runde på fjellet heime. Og kva er betre då enn å ta runda frå Yndestad til Toreheia, og med returen over Skylefjellet og Selda. Perfekt for ein halvsjuk kropp. Ein tur som i røynda gjekk lettare enn eg trudde. Så kanskje er grunnforma intakt om det har blitt mindre med fjellturar enn før. Grunnforma er i grunn der viktigaste. 

Elles? Det bles skikkeleg i dag. På Toreheia og Skylefjellet så eg måtte krøkje meg fram til vardane. Øren i hovudet av all vinden. Heldigvis var ikkje vinden spesielt kald. Vèret var overskya med litt sol no og då. Terrenget er no veldig tørt. Vindblese. Mange av elvane nesten inntørka. Veldig fint å gå med lette sko.

Kjekt å sjå at det går ein del folk her oppe no. Begge bøkane eg skreiv meg inn i var det mange nye namn i. Ukjende namn. Det er veldig positivt. For området på nordsida av Stongforden må vere av dei mest lettgådde og attraktive som er omkring. Fantastisk flott utsikt i alle retningar. Herleg.

fredag 18. mai 2018

Grunnlovsdagen





Her er nokre foto frå i går på ein nydeleg 17.mai. Rett nok med ein sur nordvest vind inn fjorden. 

Dagen i Stongfjorden vart feira på tradisjonelt vis med leikar, konkurransar, matykt, kaffi og kaker. I år var vi elles så heldige at vi fekk Askvoll Musiklag på besøk. Ungane hadde elles sine songinnslag og sketsjar. Flinke! 

Takk til årets kommitè for ei flott gjennomført feiring av grunnlovsdagen.





Ein favoritt




Ein av favorittfuglane mine, svart/kvit flugesnappar, er på besøk i ein av fuglekassane mine. No får vi berre håpe han finn seg dame så det blir noko resultat ut av synginga hans. Det blir spanande å sjå. Så følg med følg med...

lørdag 12. mai 2018

Hanna som konfirmant

Margunn,, Hanna, Tor Ivar og Sander

Mamma, Olaug, Peter, Sander og Tor Ivar

Kristine
Hanna


Besteforeldre og konfirmant
Hanna med oldemødre

Hanna og Anna

Konfirmanten
Ingegerd, Harald og Annemor


Olaug og Ingebjørg

Vilde, Lene og Anna

Nikolai og Sander



Eldste barnebarnet mitt, Hanna Skaar Vallestad, vart konfirmert i Førde Kyrkje Kristi Himmelfartsdag. I det høve vart det sjølvsagt teke mange bilder. Ovanfor er nokre få. 

Sjølve festen vart helden på Sunde Skule i Førde. Vi hadde ein særs triveleg dag i lag. Utan å kome nærare inn på det. 

Osland opp

Morgonstemning på Osland

Osland
 
Flokeneset


Flott morgontrim på Middagsnipa i dag. Eg følgde den vanlege ruta opp frå FV609, over Vågeskardet, og opp bakkane. Det er godt merka heile vegen.

Morgonsola braut gjennom skydekket på veg oppover. Men brått var det som om skodda var sleppt ut av ein sekk. Nokre minuttar var ho tjukk, før det brått letna igjen like fort. Artig. Temperaturen der oppe i dag tidleg var ikkje noko å rope hurra for. Eg var glad eg kunne byte på meg nokre tørre klede. Ein sur trekk var kvass i kanten. 

Frå toppen gjekk eg nordvest over for å ta ein kik ned i Flokeneset. Som vist på bildet ovanfor. Det er fin utsikt frå kanten av fjellet der oppe. Deretter over Indrevågefjellet og ned att. Traff forresten Anita Vårdal og jentene på veg opp då eg kom ned igjen. Slo av ein liten prat med dei! Fin tur!

søndag 6. mai 2018

Trollefossen





Eg vart med Olaug til Holmedal i dag tidleg sidan ho hadde eit par "taxi-oppdrag" dit på morgonkvisten. Med skodda like i Dalsfjorden og sipande regnvèr gjekk vi oss ein tur rundt Engjabøen og om Trollefossen. Det var fleire år sidan eg hadde vore her. Kjekt å sjå nyebrua over Bakkeelva. Godt jobba.

Det er synbare minner etter industrisoga i Holmedal her endå  Trollefos Uldvarefabrikk heldt til her. Sjå om Trollefossen her. Firda Brusfabrikk og  Flora Smørfabrikk er òg ein del av denne industrisoga i Holmedal. 

Det vart med denne trimturen i dag.