lørdag 17. mars 2018

Full fyr

Flokenes

Svanøy og Florø mot Bremangerlandet

Raudøyna, Atløyna og Alden
Sviing av gras og lyng nord på Værlandet.

Meir røyk mot Mjåset og Grimeli traktene

Tre fly på same foto over Størdalsstauren


I dag gjekk eg den flotte ruta frå den gamle gruva i Vågane og opp fjellet til Ytrevågefjellet. Med minus 6 grader heime då eg starta var det rimleg kaldt første delen opp i skuggen. Skaren heldt anna kvart steg, men det var òg nokre parti med gras utanfor stien. Eg nytta trugar på eit parti over første høgda. Deretter heile turen fram med broddar under føtene.

På Ytrevågefjellet var det nesten heilt vindstille. Temmeleg uvanleg. Første røyken frå sviing av fjorårsgras dukka opp i horisonten nord for Florø og ved Kavåg. Så røyk vest av Toreheia. Det var vår i lufta.

Så bar turen vidare vestover. Ned i dalen mellom Ytrevågefjellet og Toreheia. Deretter opp stigninga med utsikt til Stavestranda heilt oppe. Husa nede ved fjorden låg i skuggen. Det såg kaldt ut her eg stod i den strålande sola. Deretter gjekk eg opp til varden på Toreheia. Ingen hadde skrive seg inn i boka sidan eg var her sist 1. mars. 

Frå Toreheia såg eg tjukk røyk frå Mjåset/Grimelia traktene. Nøyaktig kvar kunne eg ikkje sjå sidan fjella i vest stod i vegen. Eg lurte så først på å gå om Skylefjellet/Mangevatna vestover og heim igjen, men valde Yndestadhøgeheia for å få utsyn til Stongfjorden. Er alltid kjekt å sjå ned att til fjorden og heim att. Sjølve nedstigninga til fjorden tok eg via Selda. Her kjem ein ned rett nedom granskogen, eit stykke nedom Rinda. Flott tur!

Foto Ytrevågefjellet og Toreheia 170318

Legg inn en kommentar