lørdag 31. mars 2018

Ei kosestund

Reidun og Harald Fossedal

Nipebu nede mot venstre.
Foto frå Fossedalshengenipa

Toppen
Eitrenipa, Blegja, Storehesten


Fossedalshengenipa under hammaren ovanfor kloppa på Krokavatnet

Dagens selfi må vite
Øvre Fossedal


Ved Vassenden på Fossedalsvatnet

Nedre Fossedal
Fossevikja
Markavatnet Fossedalshengenipa Fossedalen Dale 310318

(obs skurring)



Kva ord ein skal bruke når alle superlativa er brukte opp veit eg ikkje. Facebook og internett fløymer over av skrytebilder på opplevingar folk har vore med på denne påska. Så takk for det fine veret høgt opp på himmelen (Jakob Sande). 

Eg for min del fekk påskehelsing frå Fossedalen i går. På Facebook. Så kva var meir naturleg enn at eg la turen innom her i dag. For å få litt meir tur ut av det valde eg å gå frå Markavatnet på Førdefjordsida og oppom Fossedalshengenipa først. Perfekte forhold for sko og broddar. Hard og god skare. Ja, heile vegen frå fjell til fjord. Klokka var ikkje meir enn vel 10 då eg stod på toppen. 

Ruta vidare sørover gjekk rett over Svartevatnet, kloppa i enden på Krokavatnet og til Øvre Fossedalen. Eg tok meg eit stykke melkesjokolade ved sela og naut den fantastiske utsikta. Turen var som eit einaste stort skrytealbum. Og mange gode minner var alt foreviga på minnebrikka. Slikt gir alltid ei kjempegod kjensle.

Eg gjekk så rett sørover isen på heile Fossedalsvatnet. Med sola midt i mot. Som ein leik...


Som tenkt traff eg Harald og Reidun Fossedal i Fossedalen. I den varmande sola fekk eg servert kaffi og sjokolade. Så vi fekk oss ei god og hyggjeleg stund der i Fossedals-tunet. Ja, eg greidde faktisk å sitte i ro ei heil stund. 



Deretter bar turen vidare til Dalsfjorden og Otterstein der Olaug plukka meg opp. Så fekk eg meg ein tur oppom mamma òg. 

Takk til Harald og Reidun for servering og ein god prat. Det gav meirsmak. Og når superlativa er brukte opp avsluttar eg med at det var ein veldig kjekk tur, og sola skein som ho var gala...😎


Ingen kommentarer: