søndag 14. januar 2018

Januartur på Dokka

Her med varme klede i søraust-trekken....

Straumen

Morgonstemning ved Eidselva

Kontrollert nedbrenning av eit gamalt hus i Askvoll

Utsikt frå Dokka inn Dalsfjorden (Sjølve Sunnfjord)

I dag (lørdag) gjekk eg turen frå Eidsfjorden og bratt opp bakkane til Eidsvatnet, Kalderasnipane og Dokka. Returen ned til Nyksvatnet og til vassverket i Holmedal.  

Det ligg lite snø opp til Eidsvatnet, så eg gjekk direkte opp på frosa mark. Faktisk utan broddar. Men der i frå tok eg på broddar. Trugane som eg bar med meg nytta eg ikkje i det heile teke. 

Det var ein gnistrande flott morgon. Morgonrauden spela seg i himmelranda i vest. Over Straumen i sør var himmelen raudgul av den oppadgåande sola. Den skein sine raude strålar over Moldura. Oppe ved Kalderasnipane bles det likevel ein ganske sur søraust vind. Men eg valde likevel å gå med dei relativt sveittevåte klede vidare til Dokka. Her var det fullt byte på overkroppen. Herleg med gode og varme klede i trekken. Det er noko eige å stå her oppe på Dokka høgste vinteren i den låge vintersola. 

Eg valde å gå ned att til Nyksvatnet. Seig gjennom snøen no og då. Men det stakk opp både stein og gras mange plassar. Frå Nyksvatnet til vassverket var det skare og is. Fint med broddar då. Olaug kom og henta meg i Holmedal. Så fekk eg vaska den forferdeleg skitne bilen min i den nye vaskemaskina på Essoen i Askvoll i same slengen. Flott vintertur!

Foto Eidsfjorden Kalderasnipene Dokka Holmedal 130118

Ingen kommentarer: