søndag 24. desember 2017

Toreheia Julaftan

Stongfjorden i dag 24/12

d.s.

Yndestadhøgeheia mot aust
Yndestadhøgeheia mot vest
Eg har dei par siste dagane vore på tur og lett etter eine delen av paret på mikrobroddane mine som eg miste forrige helg. På Yndestadhøgeheia i går i eit plaskande regnvèr, og opp igjen i dag og inn på Toreheia. 

I går var det veldig mykje regn og skodde her oppe, så eg gjekk ikkje inn på Toreheia. Eg var våt nok med det som var. Men brodden såg eg ingenting til. Heller ikkje i dag lukkast det å finne delen. Det var som du sikkert kan tenkje deg heilt andre forhold her oppe no. Sist helg var det nydeleg vinterstemning. No var det vått og trasig. Så nøyaktig kvar eg gjekk då er ikkje så godt å seie. Stien var jo ikkje å sjå då. Brodden får eg ha i bakhovudet til ein annan gong. Nytt par er iallefall på veg i posten. 

Elles er det sjølvsagt godt å ha fri og kunne bevege seg litt medan det er dagslys. Elles i vekene er det jo mørkt før eg reiser på arbeid og mørkt når eg kjem heim att. Dørstokkmila er lang då etter ein dag på jobb. 

No brer ribbelukta seg i huset og jula ringjer snart inn. God Jul til deg som les dette.

Ingen kommentarer: