søndag 3. desember 2017

Hard gange

Gravrøys på Staveneset

Det vart ingen fjelltur i dag. Vèret var temmeleg ufyseleg her ute ved kysten med nordavind og byger. Ispedd nokre få plussgrader. I staden gjekk eg fort til Staveneset. Det er ca ei mil etter flate vegen. Litt mosjon i det òg. 

Eg fekk på meg eit par sure regn- og haglebyger. Midt i fleisen. Skikkeleg surt. Men dei gjekk i grunn ganske fort over. Så mykje elles er det i grunn ikkje å skrive heim om. Litt fugl var å sjå. Som vanleg kretsa eit par havørner over himmelen. Nokre piplerker heldt seg på bøane på Underset. Ei nøtteskrike og ei flaggspett var òg å sjå. 

Eg var nedom helleristingsfeltet og gravrøysene her ute. Sistnemnde er det minst 30 stykker av. Dei er tilbake til 1800 år før kristus. Diverre er helleristingane no i dårleg forfatning. 

Det vart fort kaldt i den isande nordavinden. Litt sveittevåt som eg var. Heldivis hadde eg avtalt med Olaug om henting. Det vart no litt mosjon ut av dette òg...

Ingen kommentarer: