torsdag 30. november 2017

Ein adventsdraum





Ubeskriveleg flott måneskinstur på Toreheia og Yndestadhøgeheia i kveld. Ja, det var så lyst oppe i snøen av måneskinet at eg nesten ikkje trong hovudlykta! Stjernene funkla. Det lyste i stille grender, av byen i nord og øyane i vest. Perlerader i adventslys. Fantastisk! Og så kaldt og fint som det var... 

Føreforhold? Rein skare heile vegen. Perfekt for broddar. Og Krikavatnet var frose. Ingen problem... Intet ufrivillig vinterbad denne gongen! Verkeleg ein tur til å bli i godt humør og adventstemning av.

tirsdag 28. november 2017

søndag 26. november 2017

Gosh det var tungt..



Endeleg vart det fjelltur igjen. Det ser ut som om søndagane er sikraste kortet. Eg valde å gå på Middagsnipa over Vågeskaret frå Osland. Og tok med trugar. Det var lurt. For det var flott trugeføre ovanfor den lange og bratte bakken opp mot Indrevågefjellet og vidare inn på Middagsnipa. 

Når sant skal seiast vart det likevel eit skikkeleg slit å kome seg opp bakken. Her låg det djup snø. Iallefall frå halvveges og opp. Så her måtte eg jammen stogge fleire gonger for å ta meg att. Eg stod i snø til skrevet rett som det var. Pusta som ein blåsebelg. Silande sveitte. Men så kom sola.... Og opp kom eg meg. 

Eg hadde gløymt snøtrinsene på stavane....

Vidare austover var det som sagt knallflott. Nesten vindstille. Ja, sola heta faktisk i eit par av sørhellingane inne mot toppen. Fantastisk! 

Returen gjekk ned att same ruta. Diverre er ikkje tærne mine det dei ein gong var. Dei fekk seg ein hard tørn etter det ufrivillige badet i Krikavatna i fjor vinter...


Frå venstre, Eitrenipa, N&S Kringla, Fossedalshengenipa, Høgholten og Heileberget


lørdag 25. november 2017

Losjehuset




Nok ein lørdag med elendig turvèr. Det vart difor ein liten handletur til Askvoll med kjøp av led-pærer til nytt taklys i stova. Du veit vi ser dårlegare med åra.... 

Deretter eit besøk i Losjehuset i Stongfjorden. Her var det minimarknad i Rintler`s galleri. I tillegg til Charlotte og Mary sine måleri og handverksprodukt, har Olaug og Sissel stilt ut sine veve- og strikkeprodukt frå i haust. Det er ope i morgon og helgane framover om du manglar ein julepresang.







søndag 19. november 2017

Fantastisk lys

Mangevatna i nydeleg lys i dag

Bøane på Mjåset t.v. Mangevatna t.h.

Selfie i solskin på Toreheia

Utsikt mot Yndestadhøgeheia
Yndestad i dag
Det regna då eg tok avgarde på Toreheia i dag tidleg. Men meldingane var litt betre ut over dagen. Så eg sette mi vòn til at det stemde. Etter at fjellet hadde gjort si tèn på AHIL sin fjelltrim, var det på tide å få opp att boka som skal ligge her fast. Den har lege turt og godt heime.

Eg var komen rett forbi Svartevatnet då sola keik fram oppom Moldura i sør. Strålane gylla  dei haustbrune bakkane i fantastisk lys. Ein kan jo bli reint religiøs av slikt! 

Ovanfor Krikavatna låg det snø. Ikkje så mykje. Snøen var akkurat så lite hard at eg trakka gjennom. Det vart difor noko tungt. Forma har vore betre før. Antal kilo færre. Men opp kom eg meg sjølvsagt. 

Det dreiv inn skyer og byger av snø frå Florø-kanten i nord. Ikkje store mengdene. Det skapte flott lys.

Etter å ha bytt dei sveittevåte klede på overkroppen, gjekk eg så ned att den vanlege ruta på Yndestadhøgeheia. Fjellet som ligg bratt ovanfor Stongfjorden. Når ein ser skilnaden på landskapet oppe på fjellet og nede ved fjorden, er det ikkje så vanskeleg å skjøne kvar folk har busett seg.... Kontrastane er enorme. 

Glimrande tur! 

Foto Toreheia Yndestadhøgeheia 191117


søndag 12. november 2017

Kong Nordavind





 



I dag gjekk eg den flotte runda frå Holevika til Furefjellet og austover nakkane til Høgeheia på Stavenesodden. Returen ned  den gode og merka stien. 

Det heldt seg stort sett opplett. Men det var ikkje meir enn eit par plussgrader, så ein isande kald nordavind måtte eg kle godt ute. Elles var det ikkje eit levande vesen å sjå. Skipstrafikken nord/sør kan vel knapt kallast det.... Fin trimtur! 


lørdag 11. november 2017

Stongsstølen


I dag tok eg turen oppom Stongsstølen og runda Stongsstølsvatnet. Lenge sidan eg hadde vore her.  Det var vått etter alt regnet i det siste.
  
Det er ein liten tur opp Gjerdedalen og Brekkene til Stongsstølen. Men det går diverre ikkje så mykje folk her. I si tid har nok stølen vore mykje brukt, for her ligg restar etter saga og tilrettelagde trapper oppover. Ja ei gamal taubane er her òg. Stølen består i dag av to selshus. På kvar side av vatnet. Dei er i bra stand. Sjølve historia til stølen kjenner eg ikkje noko til. Men det er ein fin tur opp hit.



Stongsstølen nede midt i bildet.
Foto frå Skålefjellet 28/10-17

fredag 10. november 2017

Kong Vinter

Tøft på Skålefjellet i dag

Langevatnet og Smørskornova
Mot Holmedal,
Blåfjellet og Dokka


Moldura, Fanafjellet og Svarthamrane frå Hekkelfjellet

Osland og Oslandsvatnet
Sidan eg fylte 60 i år vart det ei veke ekstra ferie på meg. Det er alltid fint å ha nokre dagar ferie til gode på seinhausten. Så då strauk eg til fjells i dag tidleg. 

Vèret var ikkje av det beste. Ikkje vèrmeldingane heller. Men når sant skal seiast vart det ikkje så hakkande gale. Med eit par skikkelege unnatak. For etter å ha gått frå Oslandsbotnen gjennom Svelia og opp på Hekkelfjellet frå aust, fekk eg meg ei solid hagle- og snøbyge i fleisen nordover til Skålefjellet. Det svartna heilt til frå vest. Ja, det var såpass at eg lurte på om eg skulle feige ut å gå ned att i Svelia.... Heldigvis gjorde eg ikkje det, men heldt fram.... 

No var det ikkje særleg betre på Skålefjellet, sjølv om nedbøren heldt seg vekke. For her bles det kaldt frå nord. Eg valde difor å gå til Botnastølen igjen over Nipane. Det er litt utfordrande å finne beste vegen austover Nipane. Ein må gå på kryss og tvers over alle stupa, hamrane og toppane. I dag låg det i tillegg noko snø som gjorde det ekstra ekstra.... Glatte hamrar og sva er no so... Men utsikta ned igjen til Osland er suveren. 

Utanom nokre ryper og eit havørnpar krinsande over meg på Nipane, såg eg ikkje ein levande skapning. Nei, vent litt - ei mus pila i sikkerheit over snøen og inn i eit trygt hol. Men for andre enn dei nemnde, i tillegg til haren, er det ikkje levande for varmblodige oppe i fjellet no. Det er nemleg full vinter i høgda - og iskald vind. 
Brekka i Oslandsbotnen

Turen i vinterfjellet i dag kravde nok sitt. Nesten 5 timar under slike forhold er utfordrande. Forma har nok òg vore betre. Men alderen er sagt er berre eit tal....→😉

Frå Brekka vest for Botnastølen.
Vi ser mot Ytrevågefjellet.

onsdag 8. november 2017

tirsdag 7. november 2017

mandag 6. november 2017

Vinteren bankar på dør....

Almuen på lørdagt

Mykje spanande på Almuen





Stongfjorden

Osland og Indrevågefjellet, Norddalen t.h.


I regnvèret i går avlyste eg alle fjellplanar. Skodde og silregn gav ikkje akkurat den rette kjensla. Vi reiste heller ein tur til Dale og traff deler av slekta. Det er alltid gode bollar og kaffi på Almuen, så der er ein fin plass og ta ein time eller to ein lørdag. Praten går godt då. 

I dag tidleg stakk eg på Moldura og fekk på plass igjen turboka. Den har hatt eit tørkeopphald heime, men no var det på tide å få den på plass igjen i nordsida på varden. 

Det vart både skodde og snøslette på turen. Ja, ganske tøft og kaldt. Men eg fekk som vanleg skifta på meg tørt ty på overkroppen bak varden. Psyken får seg ein god boost då. Brått small det eit hagleskot. I nærleiken ute i skodda. Rett nedom toppen traff eg så på to karar med våpen. Eg slo av ein prat med dei. 

Returen tok eg så via Størdalsstauren. Det letta faktisk litt lenger nede. Ja, det var til og med sol rundt omkring. Fint og vindstille. Kjekk tur!