lørdag 28. oktober 2017

Vått og godt...

Foto heime frå tidlegare i veka
(bildet låg på brikka og same fila med bilder frå i dag)


Vardenova i midten. Heileberget t.h.


Sørover mot Sogn og Lihesten.
Blåfjellsåta og Blåfjellet i Holmedal



Det vart tur på Skålefjellet og vidare sørover til Hekkelfjellet i Holmedal i dag. Deretter vestover til Mannskaret og til Stongfjorden igjen via Brekka og Gjerdedalen. 

Det var vått. Ei sugande bløyte i motabakkane. Forma har nok dessutan vore betre, så det vart eit slit å kome seg til topps. Her oppe bles det isande kald nordavind. Eg bytte difor alt av klede på overkroppen. Når i tillegg sola stakk gjennom, kjendest raskt kroppen og psyken betre ut. Så eg gav meg i kast med det steinete og våte landskapet sørover til Hekkelfjellet. 

Vel, sol vart igjen avløyst av regn. Om att og om att. Det var eit løye vèr. Og etter å ha passert Siklabergvatnet på veg vestover mot Mannskaret, seig det i tillegg på med skodde òg. Eg valde difor å kome meg til bygds att via Gjerdedalen. 

Vått og godt heiter det visst. Haust er det iallefall i fjellet....!



Ingen kommentarer: