lørdag 21. oktober 2017

Vandring i gull..

Litt i lè bak varden...

Moldura

 

Foto Hekkelfjellet 211017

Mot Dalsfjorden i sør


I dag gjekk fjellturen til Hekkelfjellet i Holmedal i lag med Olaug. Vi gjekk opp frå vassverket. Det er ei stund sidan eg har gått opp frå denne sida. Eg går mest opp i dette fjellområdet frå nord. Eg slepp å køyre då.... 

Det var eit nydeleg vèr på morgonen. Men ein relativt sterk søraust vind. Noko av grunnen til at vi valde denne turen. Vi fekk då vinden mot oss på toppen, medan det var ganske stille oppover. 

Elles var det eit fantastisk lys vestover mot Dokka og Moldura då sola stod opp. Vi gjekk i skuggen forbi Kleppenesstølen, Bogestølen og deretter Bakkestølen, medan sola skein over landskapet som gull vest for oss. 

Meininga mi var å gå nordover til Svarthamrane og Skålefjellet og ned igjen til Stongfjorden den vegen. Olaug skullle gå ned igjen til Holmedal. Men på toppen ombestemte eg meg. Det bles så kraftig at eg miste lysta. Eksponert som eg ville blitt for vinden heile den vegen. 

På veg til Holmedal igjen traff vi fleire damer på veg oppover. I tre puljer. Fleire som ville nyte denne nydelege haustdagen i fjellet. Eg sneik meg til eit bilde av Anne og Olaug.


Legg inn en kommentar