søndag 22. oktober 2017

Vandring i gull 2

Florø og Svanøy

 


Eg tok det heilt piano i gråvèret i dag tidleg. Vèrmeldingane synte litt betre ut over dagen. Det stemde på ein prikk. For då eg i 11-tida gjekk forbi Rinda på veg på Toreheia skein sola. Ok. Det var vind. Ganske sterk vind forbi Krikavatna. Bølgjene gjekk kvite på vatnet. Vidare oppover tok vinden òg godt. Men du verda kor fint det var då sola skein utover det brune landskapet. Florø lyste opp i sola i nord og Svanøya låg som ei perle nett nedom føtene. Kombinasjonen med brun vegetasjon, blå himmel og blått hav, er veldig flott. Ja, hausten er ei nydeleg tid.  

Etter å ha toppa ut, valde eg så å gå ned igjen via Yndestadhøgeheia. Då fekk eg vinden i ryggen. Sola skein over Stongfjorden og heim igjen frå der eg gjekk i himmelsjå over bygda og fjorden. Jammen flott denne ruta. Sjølve nedstigninga tok eg via Selda. Raskare det enn om Rinda når ein kjem denne vegen. Flott trimtur igjen!

Legg inn en kommentar