onsdag 18. oktober 2017

Kveldsol



Eg tok med meg nokre fjellklede i bilen på arbeid i dag. På veg heim att kledde eg meg om på Osland, og gjekk inn på Middagsnipa. Før middag. Veret var fantastisk. Som meldt. Solnedgangen måtte berre nytast her ovanfrå. På denne tida av året går nemleg sola ned vest i havet for Stongfjorden. Då er utsikta her oppe frå Indrevågefjellet og Middagsnipa suveren. Og så fekk eg meg litt trim òg. 


Legg inn en kommentar