mandag 11. september 2017

Toreheia super

Stongfjorden

Utsikt vestover mot Alden rett før toppen på Toreheia

Portafjellet og Vardeheia
Den tørrlagde elva til Oslandsbotnen midt i bildet



Som ein start på førpensjonistveka mi gjekk eg etter gamalt heime i frå og på Toreheia. For deretter å å gå austover og ned att på Osland. Dette er ein flott tur som tek ein tre/fire timar - alt etter som. 

Vèret var flott. Ja, det vart til og med litt sol oppe på toppen. Men etter å ha gått langs vegen frå Osland og heim att, rakk eg akkurat i hus då ei sabla regnbyge slo til. Flaks!

Haustfargane har elles sett sitt preg på fjellet no. Nok eit tidsløp har teke ende.... Men snart snur no sola att--- så då så. 

Toreheia_Osland foto 110917


Legg inn en kommentar