fredag 15. september 2017

Smerter og filosofi




I dag venta eg på at Olaug vart ferdig på jobb slik at vi kunne gå i lag på Dokka. Dette var nest siste toppen hennar på 10-fjellsturen til Indre Sunnfjord Turlag. Etter turen på Taket for ein månad sidan, der ho trakka skeivt og braut eit lite bein i ankelen, har ho ikkje fått gått noko særleg. Så eg vart med som anstand i dag i tilfelle det skulle skjere seg. 

Vi gjekk opp kammen. Det er brattast og tyngst, men kortast. Men valde så å gå ned igjen til Nyksvatnet, sidan det er noko flatare og kupert her. Det er først og fremst bratt ned det er verst for henne. 

Utsikta opp kammen er fantastisk. Både inn og ut Dalsfjorden. Og bygdelaga ikring. Mange meiner at Dokka er det flottaste fjellet langs Dalsfjorden (sjølv om eg trur nokon inne i Bygstad vil reise bust av dette)... Personleg meiner eg at Eitrenipa er i same klasse - minst...

No gjekk dette ganske bra med Olaug i dag. Eg høyrde ikkje så mykje styn. Så eg drog fram dette her med smerteterskel... Det er visst sagt at det female kjønn har høgre smerteterskel enn det maskuline. Ikkje veit eg. Men når det gjeld syting, generelt, trur eg det er motsett😊 Sidan Olaug har jobba på legekontor i ein mannsalder kan eg iallefall ikkje komme her og komme her (fint då å ha vore ute ei vinternatt før)... Når sant skal seiast hender det vel at eg lest or meg blant alle damene på jobb. Her er det mogeleg å få litt gehør for plager som rir ein 60 år gamal skrott. Men syting om vèr og vind, umogelege ungar eller hunden til naboen trur eg er meir forunt det feminine kjønn å kave seg opp over. Ja, det er mogeleg vi mannfolk ser litt større på ting. 

Vel, vel dette hadde no ikkje så mykje med turen i dag å gjere. Eg får late fleire slike alvorlege og filosofiske betraktningar liggje i denne omgang.  

Legg inn en kommentar