tirsdag 12. september 2017

Ingen fjellsau

Mot nordvest frå Fanafjellet

Blåfjellet Blåfjellssåta og Bakkefjellet
Fin utsikt på Størdalsstauren
Eg traff Ansgar Bjarne på tunet på Neset i føremiddag då eg ville ta turen oppover til Moldura-traktene der i frå. Eg var meint å gå den vanlege ruta. No er her temmeleg vått, myrlendt og tungt eit parti, så han tipsa meg om ei ny rute. Ei rute omlag midt mellom der vi gjekk før og no. Etter beskrivinga hans fann eg fram. Sånn cirka iallefall. Ein del brotne bjørkegreiner vitna om det. Men så alvorleg med hjortetrakk som det er her oppe i lia, er det ikkje alltid like godt å vite kva som er kva. Heilt greitt kom eg meg iallefall opp under Langedalen der eg gjekk stien og følgde merkinga vidare oppover. Og toppa så fint ut Fanafjellet. 

Vitsen med turen i dag var i grunn å sjå om det gjekk sauer her oppe etter sankinga forrige helg. Eg såg ingenting på Stongfjorden-sida. Heller ikkje i Fagredalen. Men etter at eg gjekk vidare utover mot Størdalsstauren kunne eg sjå mange kvite dottar nede i sjølve Størdalen. Dei var altfor langt unna til å identifisere eigar. Oppe på fjellet gjekk det iallefall ingen. Det er eg temmeleg sikker på. Så då tusla eg meg ned att ruta "mi" frå Størdalsstauren til Neset. Mission completed.


Ingen kommentarer: