Facebook

lørdag 16. september 2017

Fantastiske Dale











(Dei fire siste bilda er klipte frå film. Alle foto med smarttelefon)

I dag fekk mor mi andre lasset med ved frå Johan Norddal, så då var oppdraget klart for dagen. Det viste seg at vi møtte mannsterke opp heime på Skaartun, for både Leif-Arne og Sigmund kom òg. I tillegg til Olaug. Så her gjekk det unna. Ja, Sigmund henta like godt kappsaga på Yksnebjør så vi fekk i hus eit ekstra lad med ved som stod ukappa i hagen òg. No kan mamma gå vinteren trygt i møte. Iallefall når det gjeld ved. Premien vår var heimelaga lapskaus. 

No har det vore teaterfestival i Dale denne veka. Mamma, Olaug og eg tok difor turen ned i Dalstunet etterpå. Du verda kor folk her var samle. Svart i menneske. Og eit yrande liv. Vi tok med oss nokre av arrangementa, m.a. nede ved Storeelva. Elles møtte vi sjølvsagt veldig mykje kjentfolk. Men endå meir framande menneske. Det er i grunn fantastisk for ein flott kulturkommune Fjaler har blitt. Her er ressurspersonar i fleng med veldig godt omdøme rundt om i landet. All grunn til å vere kry av slike festivalar. Denne i Fjaler er annleis i form og innhald enn mange andre sommarfestivalar, der ovdrykk ofte er i førarsetet. Gratulerer!

P.S. Forsyne meg hadde Firda teke turen frå Førde òg. Her er reportasjen deira.

Videosnutt

Videosnutt

Nokre foto: Liv og røre i Dale 160917


Legg inn en kommentar