lørdag 23. september 2017

Ei vandring i gull

Frå Smørskornova ser vi mot Rivedal og Flekkefjorden

ds mot Straumsnes

Langevatnet med Hekkelfjellet t.h.


Frå toppen av Fagredalen

Frå Moldura (vestsida)  i dag

Ansgar Bjarne har merka igjen
Blegja i det fjerne


I det flotte haustvèret i dag gjekk eg gjennom deler av kremen i Askvollfjella. Eg starta i Oslandbotnen i 09-tida og gjekk opp Brekka til Botnastølen. Vidare opp den vanlege ruta til Svelivatnet til vestre enden. Deretter tok eg opp skaret på sørvest sida av dalen og opp nordsida av Smørskornova. Dette er ei ruta som få går. Men den er ikkje mindre fin av den grunn. 

Frå Smørskornova gjekk eg så ned den vanlege ruta på sørvestsida, runda Langevatnet i nordvest der DNT-løypa frå Stongfjorden til Nipebu passerer, og klatra deretter opp austsida av Hekkelfjellet. Her blir det lagt ut ny fjelltrimpost 8.oktober. Men merkestaken var allereie komen på plass på varden. Eg såg eit par til nedover på sørvestsida, så då er det nok merka frå Hålandsstølen som eg trudde. Reknar med det er John Lien som har teke jobben. Godt jobba!

Hekkelfjellet i dag
Eg gjekk så nordover Hekkelfjellet og ned denne sida, og følgde så DNT-løypa forbi Siklabergvatnet til Mannskaret. Her såg eg dei første og einaste sauene for dagen. 6 stykker heimehøyrande i Holmedal. Eg gav beskjed til eigaren og prøvde å få dei på kjøl til Holmedal. Men det ville dei slett ikkje i det fine vèret. Forståeleg nok. Eg innsåg då at eg ikkje kunne bruke opp resten av energien min på dette åleine, så eg heldt fram til Fanafjellet. 

På Fanafjellet bles det alltid. Så òg i dag. Sola heta litt. Men så snart den forsvann bak ei sky var det ganske kjøleg. Eg heldt difor fram over skaret øvst i Fagredalen og Moldura, og gjekk opp på Moldura òg. Nokre nøtter og rosiner som eg plar ha i sekken som "kriseproviant" var no gode å ty til. Utan mat og drikke....

Tor Einar, Jostein og Audun Erikstad på sauesanking i dag

På veg ned nordsida av Moldura såg eg eit menneske ta seg ein pause i lyngen. Då eg kom ned viste det seg å vere Jostein Erikstad. Vi vart snakkande. Og snart dukka Tor Einar og Audun Erikstad opp òg. Dei var på ettersanking. Eg kunne då opplyse kva område eg hadde fare over. Og det hjelpte litt på. Etter kva eg såg forrige helg så går det ein god del sauer nede i sjølve Størdalen. Eg kan aldri tenkje meg at dei går opp på fjellet igjen. Det er trass alt skrint med fòr lenger oppe. Og langt betre nede i dalen. Så truleg lyt ein ta alt av sau som står nede i dalen til fjorden att den vegen. Det vil no vere det enklaste, sjølv om dei ikkje er vane med å gå her. Det var her eg fekk ned nokre Holmedalssauer ganske seint på hausten i fjor. 

Vel for min del var mesteparten av kreftene brukt opp for dagen. Eg vog litt fram og tilbake på ein sanketur nede i Størdalen, men slo det fort i frå meg. Det var nok med 6 timar i føtene. Eg hadde eit stykke å gå ned att til Neset i Stongfjorden òg. Kjempeflott tur dette i dag! 

Video Hekkelfjellet 230917 (obs litt skraping)

Smørskornova Hekkelfjellet Fanafjellet Moldura 230917

Ingen kommentarer: