søndag 17. september 2017

Crème de la Crème

Ytrevågefjellet

Skylefjellet

Ved Ytrevågefjellet

ds
 
Vest for Toreheia ser i Krikavatna og Mangevatna


I dag gjekk eg den flotte ruta frå Vågane og opp over Ytrevågefjellet, kryssa deretter nord sør over toppane, før eg gjekk vidare vest og opp på Toreheia. Deretter vest til Skylefjellet. Og følgde så via Mangevatna sørover den vanlege ruta til Yndestad i Stongfjorden. I nydeleg og halvskya vèr. Og blikkstilt. Det er alltid vanskeleg å seie kva ruter, turar og fjell som er flottast i kommunen. Men utan tvil er dette eitt av dei. Området er utan tyngre installasjonar og vegar. Eg kallar det mi heimebane.

Eg talde opp 36 sauer. Desse er ikkje sanka endå. Men dei sauene eg egentleg såg etter, ja dei såg eg ingenting til. Kanskje dei går i Oslandslia. Her er så mykje tre og lauv at det er vanskeleg å få oversikt. Elles var turen knallflott! Som så mange gonger før.

Foto Ytrevågefjellet Toreheia Skylefjellet 170917




Ingen kommentarer: