søndag 13. august 2017

Bringer lukke

Kvit røsslyng skal bringe lukke....
Lia
Liavika



Parti frå Vågen

Jammen var det godt å kome seg ein tur til fjells igjen. For det er ikkje til å kome vekk i frå at eg har lege litt bakpå i det siste. Alder, pendling og joggsituasjon krev sitt. Og egentleg har eg ikkje vore heilt i slag etter syden-turen tidlegare i sommar. I så måte måtte eg gjennom ein pencellinkur òg. Men i dag fekk eg meg heldigvis ein tur igjen. Ja, om ikkje anna så gjekk eg på Høgeheia og vidare til Lia, Liavika og til Vågen. Ei flott rute. 

I dag kom eg over utegangarane som går på Stavenesodden (sjå foto link). Dei gjekk rett aust om toppen på Høgeheia. På Stongfjorden sida. Men dei sprang forsyne meg på ein halv kilometers avstand. Sky vesen dette! 

Det artigaste var likevel to fjellvåkar som følgde meg nesten heile stykket ovanfrå fjellet og ned i Lia. Dei "stilla" rett over meg fleire gonger. Noko brukande bilde fekk eg derimot ikkje teke mot den lyse himmelen. Betre gjekk det å ta bilde av ein stor gåseflokk då eg kom opp mot hovudvegen i Grimelia...(foto link). Ja det går mot haust. Elles gjekk eg på ein hjort. Men med vinden i ryggen vart han vàr meg med ein gong. God luktesans på desse dyra....! 

Så dette var ein fin start på litt fjellvandring igjen. 




Ingen kommentarer: