Facebook

tirsdag 6. juni 2017

Fjella ligg no der

Håkon og Ingrid Anita


Fjellturar vart det lite av denne pinsa. Skodda låg tjukk fleire morningar. Den beste tida. Det er i grunn då eg avgjer kva eg skal bruke fridagen til. I staden vart det trilleturar på asfalten med Håkon. Raske såleis. Sveitt opp bakkane til Osland. Med Torbjørn og Ingrid Anita på helgebesøk kunne eg med dette slå to floger i ein smekk - litt tur og litt ungepass på morgonen. Så fekk dei yngre kvile seg litt. Håkon er ein hjarteknusar og smilande kate på 4 månader - som veit kva han vil... 😙I den alderen veit ein sjølvsagt det...

Elles var no Håvard, Miriam og jentene på middags- og kaffibesøk. I tillegg var det tur til Dale for å besøke mor mi. Så pinsa kom og gjekk. Mest av det sosiale slaget. Fjella ligg no der... Stresset med å kome seg til fjells har eg slutta med. For det meste iallefall 😊


Legg inn en kommentar