Facebook

mandag 19. juni 2017

Amalie og Andreas sin dag




  
















Så var det Amalie 8 og Andreas 4 til å feire gebursdag. Kristine og Rudi inviterete såleis til feiring i Førde. Denne gongen vante Margot, som var på jobb, og mamma, som framleis hadde Øystein Olav og Caroline på besøk etter bryllaupet til Ivar og Lisa dagen før. Som du forstår har det gått slag i slag denne helga.... Bilda denne gongen ligg utan kommentar. Dei talar for seg sjølv.

I dag mandag har eg starta på ferien. Det kjennest godt ut. I morgon går turen til Bergen for overnatting hjå Torbjørn og Ingrid Anita. Flyet til Rhodos går tidleg onsdagsmorgonen. Det skal bli godt med finvèr og varme no. 

Til faste lesarar av bloggen min og andre vil eg ynskje God Sommar. Kanskje legg eg inn små snuttar eller bilder frå turen undervegs i år. Vi får sjå.
Legg inn en kommentar