torsdag 18. mai 2017

Herleg 17.mai 2017



































Nok ein fantastisk 17. mai er over. Og eg sat i Grendahuset og lurte på om det nokon gong hadde vore dårleg vèr i Stongfjorden 17. mai etter at eg flytta hit for snart 20 år sidan...😆 Ja, for vèret var som å slå av og på ein brytar i høve resten av veka. Plaskregn både før og etter. Snakk om flaks. 

Innhaldet i dagen var elles av god gamal tradisjon. Mat må ein jo ha ein slik travel dag. Rømmegrauten og spekematen smaka herleg. Sikkert betasuppe òg. Gratis is og brus for ungane - slå den. Og kaloriane stod i kø frå eit bugnande kakebord! 

60 meteren stod sjølvsagt på programmet. Dessutan hesteskokasting, natursti, tipping på eitt og hitt, og halding av mjølkespann på lengst mogeleg tid. Nytt av året var hundeshow. Artig innslag. Her var altså noko for ein kvar smak. 

Frå scena i Grendahuset stod ungane for underhaldninga. Ivrige småtroll synte flotte og morosame sketsjar med stor innleving. Kjempeflinke var dei! Primus motor for dette var Idun Losnegård og Jeff Pedersen. Vi har proffe folk i bygda. 

Talen for dagen var det Rolf Losnegård som heldt. Han tok utgangspunkt i det å ynskje kvarandre til lukke med dagen. Og kva som kunne gjere oss menneske lukkelege. Vi ynskte så sidemann og dei bak oss til lukke med dagen. Ja, så kjende vi oss litt lukklegare der og då... Lukka i livet er vel til sjuande og sist det å kunne vere saman og dele gode stunder....







 

Ingen kommentarer: