lørdag 20. mai 2017

Glupsk dame slukte froskeprinsen


Frå Jamneheiane i går kveld

Frå Jamneheiane

I bakgrunnen Moldura, Kalderasnipene og Dokka

 







Eg fann det tryggast å forlate heimen i går då Olaug fekk besøk av to tidlegare klassevenninner for overnattings-besøk. Ikkje det at Siv og Velaug utgjer nokon fare for mitt vè og vel. Snarare tvert i mot. Men det er noko med å late kvinnfolk få fred no og då. Dei treng vel det til liks med oss mannfolk. Når det er sagt trivst eg no egentleg best i eige selskap. Då får eg styre fritida som eg vil. Det er nok med krav og mas og forventningar i kvardagen elles...

Vel, eg strauk til fjells. Med soveposen og fiskestonga. Og litt klede, nokre brødskiver, saft og ein melkesjokolade. Teltet gadd eg ikkje å dra på. Det er noko med å kjenne vinddraga og lydane i natta i berre soveposen. Så mykje stjernehimmel er det ikkje å sjå no. Men seinare er det kjekt å ligge i soveposen og sjå inn i stjernehimmelen. "Høyre stilla"...  No er det knapt mørkt i det heile. 

Eg køyrde ned til Nordeide. Deretter gjekk eg stien nord til Fisma. Så tok eg opp det relativt bratte og ulende skaret, og nådde opp til Fismavatnet. Tungt nok med sekk egentleg. Eg pakka så ut, og gjekk meg ein tur opp på Jamneheiane. Her fekk eg med meg utsikta og sola i vest. Praktfullt! 

Nede ved campen min igjen fann eg fram fiskestonga og gjekk meg ein tur rundt vatnet. Ikkje eit napp. Ikkje ei krusing på vassyte. Komplett dødt. Rett nok med eitt og anna forsiktig vàk. Så fisket gav eg opp. Eg tende i staden bål og fekk i meg noko mat. Suset av elva-sitler var det einaste som braut stilla i kvelden. 

Eg kraup så i soveposen og sovna ganske umiddelbart. Etter ein lang dag... 

Klokka 01.40 trudde eg det var morgon. Det var nesten heilt lyst! Men fann ut at det var i tidlegaste laget å stå opp... (merkeleg kor opplagd ein blir av å sove ute....😄) .

Eg vakna igjen i 04.30 tida. Frå soveposen åt eg nokre brødskiver. Eg fekk så auge på ein flokk med hjortar på morgonbeite i austhellinga på Steinheia. Somme leika seg med raske løp i lia, andre åt frå det nyspira graset. Fantastisk. 

Etter å ha fått på meg kleda, fann eg fram fisketroa. Og omlag då sola spratt over horisonten ved Størdalsstauren i aust, small det til noko så grassat på stonga at eg kvapp som i den høgste himmel. Himmel og hav for eit utras. Puls 150. Og i himmelens navn for nokre plask der ute på vatnet. 4 eller 5 gonger hoppa det til som om det var ein kval ut i der. Men fisken sat jammen santen framleis på.... Her var det berre å ta "dagen" til hjelp. Etter endå fleire utras, om og men, og ved hjelp av all varsemd i verda, greidde eg å håve fisken. Då slapp sluken... Fantastisk. Det var som eit reint Deja Vu frå Nipevatnet ved Nipebu for fleire år sidan....

Turen var fullendt. Klokka 05.30 i dag. Nok ein tur for minneboka. Meir fiske var uinteressant. Her måtte eg berre finne att vet og forstand og kome meg ned att på jorda. Frå himmel-landet. Eg åt difor opp Melkesjokoladen min - som sendt frå Melkevegen - pakka sekken, slumra i morgonsola og drog heim etter eit bèl.

Livet er ei gåve. Lukka i livet er ei gåve. Ho ligg der. Det er berre å gå og finne ho.... Men ikkje gjer som den glupske dama - ikkje sluk prinsen. Slikt kjem det neppe noko godt ut av...

Den glupske dama slukte
froskeprinsen....


Ingen kommentarer: