søndag 26. mars 2017

I skoddeheimen

Skodde og regn på Toreheia i dag...
...og heime...
Det var ikkje veir for dei nye
Black Diamond stavane mine,
så dei gamle av dei gamle fekk
turen i dag....:-)
Fruen i huset brukar å kalle det turar for spesielt interesserte når eg dreg til fjells i skitveir. Så òg i dag. Men regn og skodde hindrar meg aldri for ein tur. Iallefall ikkje på Toreheia, heimefjellet, der eg har merka ruta for nettopp skoddeturar. For uansett kor godt kjend ein er, er det godt å ha nokre faste merker å gå etter når du ser berre nokre meter framfor deg. 

Og ja, det var dårleg sikt og sørpe vått. Regn og issmelting om ein annan. Det rann vatn overalt. Trugane eg bar med meg fekk eg ikkje bruk for. Den vesle snøen som låg trakka eg berre gjennom. 

Elles må eg nesten få skryte litt av reimpregneringa av Paramo-buksa mi. Eg var faktisk heilt tørr eg kom heim igjen. På overkroppen skifta eg alt på toppen. 

Fin trimtur i dårleg veir...

Ingen kommentarer: