fredag 16. desember 2016

Orgie i musebolet

Heileberget i vinterskrud -
lurer på om Jakob`en var her nokon gong....


Jakob Sande skreiv slik om "Musa i orgelet". Eg har tenkt på dette stykket fleire gonger dei siste 14 dagane medan mysene har laga bòl i lungene min. Spesielt om kveldane og nettene då romstreringa, piping og skvaldring har vore på det verste. 14 dagar orgie i musebolet. Og ikkje tal om ein ørliten pause.  Myser i festlage. Myser i rus. I skråling og svir. I aulande antal. Som under svartedauden har dei sprunge rundt og formeira seg. Nei, aldri om eg har vore så ille plaga med høglydt festing nokon gong.  

Vel, var det noko Jakob`en kjende til, og skreiv om, så var det festing:


To bønder, etter som ordet går,
var aldri edru på fire år.
Det fyrste gjekk på ein måte.
Dei fekk både læ og gråte.
Andre året vart verre.
Då rauk både hest og kjerre.
Tredje året tok ende.
Dei hugsa 'kje kva som hende.
So gikk dei inn i det fjorde,
og det var det siste dei gjorde

Eg trur mysene i musebolet har gått inn i det fjorde. Tilliks med dei to bøndene til Jakob`en. Iallefall aular dei no ut i forkomen stand. Så kanskje kan det bli Guds fred til jul? Festing og orgiar fører i grunn snaraste veg til kyrkjegarden. Berre spør romarane..... 


Ingen kommentarer: