lørdag 8. oktober 2016

Hjort på flukt

Morgonsol over Askvoll

Gullforgylt utsyn

Dagens selfie Dokka
Skadeskota lirype som ikkje kunne flyge


Utsyn mot Straumsnes

Frå Svarthamrane med ustyn til Dokka, Kalderasnipene og Moldura.
Fjella eg nyst har vore på....
Stongfjorden


Nestigninga frå Skålefjellet
Dokka og Moldura i bakgrunnen mot høgre


Det tok nesten sine 6 timar å gå frå Eidsfjorden via Kalderasnipene til Dokka og vidare derifrå om Nyksvatnet til Moldura og Fanafjellet, for så å avslutte turen med Svarthamrane til Skålefjellet og via Gjerdedalen til Stongfjorden. Eg la inn ein matpause med denne utsikta:

Vardenova Heileberget Hekkelfjellet og Siklabergvatna
Eg hadde eit håp om å få sett sauer her oppe på denne strekka (eg gjekk jo mykje av denne forrige helg òg frå lenger aust), men her var ikkje ein kvit dott å sjå. I staden fekk eg oppleve hjort både på Moldura og sør om Skålefjellet. På høgste fjellet! 3 + 4 (sjå videoar). Og det var litt spesielt. Truleg er det godvèret som har gitt dei tankar om det gode fjellivet... 

Elles må ein jo berre få prise det fantastiske haustvèret vi har. Eller som Jakob Sande skriv "takk for det fine vèret høgt opp i himmelen"... Morgon på Kobbeskjeret handlar om frie menn. Om eg ikkje nett sat på eit skjer og hylla dagen i dag, så kan eg vel seie at eg som fri fant hylla det gullforgylte landskapet eg fekk vandre i. Fantastisk! Meir er det vel ikkje å seie....



Ingen kommentarer: