torsdag 18. august 2016

Dødsstilig




Det var nedtur å køyre heim igjen frå arbeid i går. For med strålande vèr i Førde, gledde eg meg til nokre flotte timar på fjellet. Spesielt etter å ha stått i vestveggen på huset kvelden før og malt den nye kledninga med det tredje strøket beis. Men då eg køyrde over Nordheia skjønte eg teikninga. Skodda låg tjukk ut Førdefjorden... Og noko betre såg det ikkje ut då eg kom heim igjen. Skodda låg heilt i fjordyta. Bye bye fjelltur tenkte eg då...

Men etter å ha fått i meg middagen og slappa av eit bèl, vart lysta på å bevege seg for sterk. Eg hadde att 7 raudmalte merkestenger i kjellaren. Dei gjorde lite mòn for seg der dei låg. Eg bestemte meg difor å gå på Toreheia - igjen (sjå tidlegare blogginnlegg om trimpost), og like godt få stavane banka i jorda til hjelp for andre òg i skoddeheimen....

Skodda var så tjukk då eg kom opp på Rinda at eg ikkje såg noko som helst på ein 5-8 meter. Stien er likevel ganske bra oppgådd. Iallefall til forbi hyttene. På snøføre derimot hadde dette verkeleg vorte eit problem - utan merkinga. No står stavane og lyser opp. Og ovanfor hyttene sette eg opp nokre nye av dei eg hadde med meg. For eg såg ikkje "handa føre meg" slik forholda var no. Men eg heldt fram oppover...





Då eg nærma meg hytta til Lasse ved Krikavatnet, var det liksom forholda vart litt lysare. Jaha tenkte eg og nynna på "lei milde ljos"...  Ja, du skal berre sjå tenkte eg då.... Og min santen! Etter nokre minutt såg eg sola på vesthimmelen. Fantaastisk. Euforisk. Eg var som eit fly som letta frå Vestlandet og kom meg til himmels...! Til syden.... Til varmen. Eg og sauene til Reidun Hovden. Dei hadde trekt seg opp i himmelen dei òg. Fredelege som dei låg der eller beita i den varme sola frå vest.  






No har eg vore hundrevis av gonger på Toreheia. Til alle årstider. I alt slags vèr. Men eg må nesten få seie at dette vart ei heilt spesiell oppleving. Ja, ikkje berre spesiell. Den hadde nesten kristelege overtonar... (sjå video her)... Ein tur for minneboka mi!

Ingen kommentarer: