lørdag 25. juni 2016

Jonsoknatt under hammaren

Ved Krokavatnet ser vi Eitrenipa



Videosnutt: 

Vassenden av Fossedalsvatnet med særs lite vatn no


Eg tok turen til Svartetjerna ovanfor Krokavatnet, og til hammaren her for ein overnattingstur i natt. Etter jobb stod sekken klar heime, og eg fekk Olaug til å køyre meg i Skjerlia. 

Etter at det hadde vore opplett og ganske fint heile dagen, kom det nokre dråpar regn då vi skulle til å køyre. Eg var kjapp å skifte frå shorts til Rab-klede. Det viste seg å vere heilt rett. Det dropla såvidt det var på turen frå Skjerlia og opp til Krokavatnet, og vidare langs det kuperte landskapet på vestsida av vatnet til Svartetjerna. 

Det er egentleg 3 store og gode hamrar å overnatte under her oppe. Ein rett nord og ein rett sør for Svartetjerna. Men eg valde den næraste ved vatnet, så eg fekk fiske litt nær leiren. Fisket var det så som så med. Det vart berre nokre pinnar. Ganske fine å steike. Men dette "gadd" eg ikkje i kveld. Så dei fekk behalde livet. "Catch and release" heiter det visst. 





Eg sanka deretter i hop noko ròteved og einer og laga meg eit bål til maten. Så hoppa eg i soveposen og naut freden. Ikkje ein lyd. Ingenting. Berre meg og hjarteslaga. Eg sovna fort. I berre boxaren. Heitt og godt på soltørka gras og eit godt liggeunderlag. Soveposen var nesten for varm. Og over hovudet hadde eg verdas mest solide tak....  


Det hadde nok regna noko i løpet av natta. For då eg vakna var det tjukk skodde og skikkeleg vått i graset utom hammaren. Dette var i 06-tida - som vanleg. Eg fekk i meg ein god frukost - i soveposen, og snudde meg berre igjen og sovna igjen etter litt. I påvente av at skodda letta....


Ein time seinare var skodda like tjukk. Så eg pakka sekken og gjekk sør til Krokavatnet. No er det ikkje allverda med sti dette stykket. Men bruk for noko "teknisk hjelp" hadde eg ikkje. Eg gjekk rett ned til hammaren midt mellom Krokavatnet og Svartetjerna, og deretter lett ned til kloppa på Krokavatnet. 

At det er lite vatn her oppe no viste seg til gagns ned mot Øvre Fossedalen. Eg har aldri sett elva som renn frå Krokavatnet til Fossedalsvatnet så lita. Ja, eg stod midt ute i "elva" og tok bilde ned mot Øvre. 


I dag gjekk eg vestsida av Fossedalsvatnet igjen. I det siste har eg gått denne vegen. Det vanlege er å gå på austsida. Men her på vestsida er det skikkeleg flott utsikt til Øvre heile vegen til vassenden mot Nedre. Så utruleg kjekt å gå langs eit av dei få vassdraga som ikkje er regulerte i Askvoll. Fossedalsvatnet er ein nytelse. 


Som vanleg tok eg eit par bilder ved vassenden òg. Elva er så lita her òg no at eg berre vasse over ho og tok stien ned i Nedre. Og i Nedre Fossedalen hadde ein slege heile innmarka - som vanleg. Fantastisk flott å sjå at ein ser verdien i dette. Hadde ein ikkje gjort så, hadde heile den store bøen vore gjengrodd. 


Deretter gjekk eg til fjorden. På den nye stien frå Vikja til Otterstein traff eg Linda Hovland og Per Ove Stenseth. På veg til Dalsstølen. Vi slo av ein prat oppe i Kleivane. 

Det svarar seg å vere gift med eit skapleg kvinnfolk. Ho kan eg ikkje få skrytt nok av. Frå besøk Vårdal kom ho nemleg og hente meg på Otterstein. Alternativet var sjølvsagt å reise heim til moderen i Dale, men sidan tilstanden min var trøtt (les tung sekk), våt, skiten og sveitt, så var eg egentleg ikkje noko å dra i hus. Dusj, mat og drikke var det mest fornuftige.  Flott tur sjølv om vèret ikkje var det beste...

Ingen kommentarer: