fredag 10. juni 2016

Ein feriedag...

Sherpaer frå Nepal har gjort ein framifrå jobb
med å legge på plass gamle og nye heller opp
Smilderstien



Slåtten er godt i gang i Askvoll

Ringstadstølen

Ringstadstølen ligg fritt opp under Dokka



Utsikt frå nordvestsida av Moldura


Dokka og Moldura frå Mannskaret
Dokka og Moldura frå Svarthamrane









Det har vore ei rimeleg travel veke denne veka. Pendlinga til Førde kvar dag krev òg sin mann. Så i det flotte nordavèret tok eg meg ein feriedag. 

Men etter å ha blunda litt frampå, og lurt på kva eg skulle bruke dagen til, var det i grunn berre fjellet som lokka. Kaldt var det rett nok. Ikkje meir enn 7 grader på morningen. Og med nordavinden aukande på ut på dagen ville det nok bite godt i bar hud....

Det er mange fjell i Askvoll. Og mange ruter. Eit mangfald å velje i. Men eg kom just på at eg ville sjå den nye hellelagde Smilderstien på Ringstad, der sherpaene frå Nepal no var ferdige med arbeidet. Så eg køyrde ned der og spurde pent om å få lov til å parkere. Og innanfor siloane på Ringstad står bilen min endå (eg får vel legge inn ein plan om å få henta han i morgon - kanskje i høve ein ny fjelltur...). 

Turen opp Smilderstien til Ringstadstølen gjekk som ein leik. På utruleg flott og hellelagd sti. Midterste delen vel og merke. Elles er stien lett å følgje. 

På toppen av Dokka sat to blide, opne og utadvende jenter. Kanskje ikkje heilt tilfeldig at dei òg var frå Dale, undrast eg litt etterpå. Eg kom iallefall i snakk med dei. Broder Sigvard hadde vore lærar for dei. Og andre bror min, Leif-Arne, kjende dei òg. Det er veldig kjekt å sjå folk frå heile Sunnfjord på fjella i Askvoll no. Ein flott effekt av Dalsfjord-brua. Ja, ikkje berre det. Eg traff tre tyskarar nede ved Nyksvatnet òg. For etter å ha sprunge ned igjen hit, gav eg meg i kast med framsida av Moldura opp. Den ligg bak hovudet til dei flotte Dale-jentene de ser foto av inn under.


To blide Dale/Flekke-jenter på Dokka i dag,
Frida Haugsbakk og Sofie Stensæth
Når du kjem frå Holmedal-sida (sør) er det tre vegar opp på Moldura. Du kan anten gå opp ved sendaren som vi seier. Det er på vestsida av fjellet. Her er det bra merkt. Ein kan dessutan gå "rett på". Litt brattare denne vegen, men òg bra merkt. Ein kan dessutan gå opp via Hålandstølen og Fagredalen og såleis kome opp frå nordsida. Noko lenger denne vegen. Ein kombinasjon av desse tre rutene opp og ned er ofte å føretrekkje. 

Selfie Moldura


Etter at eg toppa ut Moldura, gjekk eg derimot ned igjen den "vanlege" ruta mi på nordsida, og via Fanafjellet og Mannskaret, beint opp bratta til Svarthamrane frå sør. Her er det fin utsikt mot Holmedals-sida og tilbake på Dokka og Moldura (klikk på lite bilde ovanfor). Rett før toppen såg eg ferske spor av hjort over ei snødekt flate. Og 5 min seinare skremde eg dei jammen meg opp. Rett før toppen på Svarthamrane. Det eine dyret med bra store og bastdekka horn. Men eg rakk berre å ta etter fotoapparatet før dei forsvann som reine ånda. I det steinete og forrevne landskapet med dalar og søkk, var det sjølvsagt klin umogeleg å sjå dei att. 

Frå Svarthamrane bar turen nordover den "vanlege" vegen til Skålefjellet i Stongfjorden. Ei rype skralla opp framfor føtene mine så det sokk i magen, men elles var det stilt så stilt. Inntil mobilen ringde og Peter lurte på kvar eg vart av. Så etter å ha toppa ut Skålefjellet gjekk eg ned igjen Gjerdedalen og til sentrum av Stongfjorden. Her måtte eg pent ta asfalten i bruk for å kome meg heime igjen. Men det er no fin utsikt her nede ved fjorden òg...:-)

Kjempetur! 

Stongfjorden

Ingen kommentarer: