torsdag 5. mai 2016

Vindfullt hòl i brokja....

Utsikt frå kanten vest for Toreheia mot Mangevatna Stavenesodden og Alden
Skylefjellet og Blåfjellet t.h. der ute.
 Det vart ei vindfull affære på lufteturen Toreheia Skylefjellet Blåfjellet i dag. Ja, for det gjekk opp for meg at det verkeleg var hol i brokja mi. Der bak. 

Ja, det var visst hòl i brokja likevel.... Foto 17/4...:-)


Det såg nemleg slik ut på eit bilde eg såg av meg sjølv bak i frå då eg var her oppe 17/4. Men eg hadde no gløymt heile greia. Inntil i dag då vinden bles ræva mi iskald på Toreheia. Så no lyt eg vel sjå om den gode Paramo-buksa kan la seg reparere eller ei. Til det treng eg vel gjerne eit påliteleg kvinnfolk....

Vinden tok tak i små vasspyttar òg...


Elles bles det som sagt grådig frå sør der oppe i dag. Det ser du no i grunn av landskapet. Så eg heldt meg mest på Stavfjorden-sida utover frå Skylefjellet til Blåfjellet. No er ikkje dette så veldig høgt over havet, men på lèsida her låg det litt overraskande nokre alvorleg store snøfonner. Det har drive godt med snø frå sør i vinter...

Det bles godt ved Mangevatna i dag.
Utsikt austover mot Toreheia traktene bakerst.
Yndestadhøgeheia t.h.

Skålefjellet Svarthamrane og Moldura i bakkant

Svanøy frå Blåfjellet

Litt overraskande var det òg at det stod ein kar og fiska inne ved Mangevatna igjen då eg var på veg heim att. Eg var ikkje nedom og helste på. Men det kunne no ikkje vere med fluge han fiska iallefall. 

Fin rundtur i dag dette.

Det er grønt heime....




Ingen kommentarer: