onsdag 23. september 2015

Nye postar på fjelltrimmen...

Soloppgang på Eitrenipa 28/12-08
(då fjellet var post på fjelltrimmen sist)

Det blir lagt ut nye postar på fjelltrimmen i Askvoll 11.oktober. Samtidig blir dei gamle tekne ned. Dei nye ligg ute til oktober 2016.

Underteikna kjenner desse fjella godt. Og vedlagt ligg YouTube-bildeseriar om nokon er interesserte. Fjella er greie å gå sommarstid. Men om hausten og vinteren kan forholda vere utfordrande. Eg vil spesielt nemne Eitrenipa og rutene frå nord via Leknesvatna (som er den naturlege vegen frå Askvoll) og frå Dale-sida i sør gjennom Fossedalen og Eitreskaret. (Frå aust og frå Blegja/Blåegga er det ingen som går om vinteren). 

Snøforholda er ofte heilt annleis her oppe enn i låglandet. Ikkje sjeldan ligg det skare og is i dei bratte skara. Spesielt i det øvste skaret der rutene frå nord og sør møtest.  Det kan vere direkte farleg å ta seg opp om du ikkje har rett utstyr. Så du bør vere ekstra obs om du vil gå under vinterforhold. Unnasols som denne sida av fjellet også ligg om vinteren. 

Første skåra frå høgre mot venstre

Andre skaret frå nord opp t.h.
(Brattare i det tredje)

Det er ikkje ufarleg på Eitrenipa om vinteren....
(ved siste oppstigninga i det tredje skaret)



Eit anna punkt er opp strengen ved Eitrefossen. Området rundt er dessutan ofte isa på av drèvet frå fossen, og ein treng broddar (eller stegjern). 


Strengen opp ved Eitrefossen
Det ligg ofte is ved Eitrefossen








Eitrenipa frå vest i påskeskrud
(skara frå nord og sør møtest midt på fjellet ca 70 meter under toppen)
(dei to skårane t.v  under toppen er òg mogelege å gå opp)




Toppartiet av Stølsfjellet i Rivedal kan òg vere litt tricky om snøforholda er vanskelege. Likeeins kammen opp Dokka, men her er det greitt å gå om Nyksvatnet om forholda tilseier det. Høgeheia og Hjartåsen er flotte å gå på heile året, lægre og lenger ute ved kysten som desse ligg. 


Eg kjem heller ikkje i år til å konkurrere på fjelltrimmen, grunna arbeidstida mi, pendling og familie, men stikk oppom toppane ved høve. Ha ein fin ny fjelltrimsesong. Og framfor alt  "take care"!

Ingen kommentarer: