torsdag 3. september 2015

Det gulnar i fjellet....



I det flotte haustvèret - eller sommar for den del - tok eg turen opp igjen på Skålefjellet. Og i kveld plukka eg med meg stikkene som eg hadde merka med der oppe i fjor haust. No når stien er så bra oppgådd, og i tillegg godt varda, treng ein dei ikkje lenger. For den del kunne eg ha teke dei ned for lenge sidan. Men no er dei iallefall nedkomne. Så treng ikkje nokon irritere seg over dette framandelementet. Om det blir noko vintemerking for hovudlykt til hausten veit eg ikkje. Får sjå. 

Elles var det som sagt praktfullt på toppen. Nesten ikkje eit vindpust. Men det er klårt at det merkaste at det går mot haust. Det gulnar fort no....


Ingen kommentarer: