onsdag 3. juni 2015

Trollkjerringar

Bak varden på Skylefjellet i kveld
Eg følte eit visst behov for å bevege på meg igjen i kveld. Sidan det var opplett tok eg meg ein tur på fjelltrimposten på Skylefjellet. 

Vel, eg var ikkje komen meir enn kvarteret opp gjennom bakkane,forbi Rinda, før det begynte å regne. Og det berre auka på etter kvart som eg kom forbi Mangevatna og til toppen. Ja, det ausa ned. Regntett bukse tenkte eg ikkje på. Heller ikkje den tettaste jakka. Så for å gjere ei historie kort så vart eg søkk blaut. Nokon fantastiske sommartemperatur er det heller ikkje om dagen, så det var berre å kome seg fortast mogeleg heim att og i dusjen.... 

Nei, det manglar mykje på skikkeleg sommar. Men å klage nyttar lite. Så vi lyt nok berre pent ta det som det kjem....


Ingen kommentarer: