lørdag 13. juni 2015

Ein real smell...

 Stongfjorden i føremiddag

 Utsikt mot Holmedal og Straumsnes



Tjernet under toppen av Skålefjellet
Merketuren mellom Mannskaret og Siklabergvatna i dag hadde sin pris. Eg var sjølvsagt ikkje heilt obs på tyngda av ein stein eg sette opp som ein ny varde, då ryggen small til.  Det vil seie - eg bar på plass ein som var større like før, men den neste tålte visst ikkje ryggen. Om det var ei heks som stakk ein kniv i meg, eller ein eller annan f..., er ikkje så godt å seie. Det gjorde iallefall såpass ilt at eg skreik til. Åleine. Ut i hamrane. Ekkoet ljoma berg imellom. Heldigvis klarte eg no å rette meg opp igjen, men å bøye seg var forferdeleg. Amatørfakter!

Eg var i grunn ikkje komen meir enn halvveges på det eg hadde tenkt meg. Så eg skifta litt klede, og heldt fram opp på toppen av skaret og austover mot Siklabergvatna. Ryggen var elendig, men eg fekk fullført den merkerunda eg hadde tenkt meg. 

Ny maling av T-en på toppen av Mannskaret

Ruta heim igjen tok eg bratt opp frå vatna til Svarthamrane. Og så vidare nordover til Skålefjellet med retur den vanlege ruta. Nede ved hamrane traff eg forresten Vigdis, Arild og ein Gunnar. Vi slo av ein liten prat. 

Ja, ja no får eg berre håpe at dette ryggreiene ikkje er noko langvarig pine. Eg har vel vore heldig med slikt so langt. Men at eg er ein gammal mann, som Vigdis påstod i ein spøkefull tone, det nektar eg å vere med på...

Ingen kommentarer: