søndag 31. mai 2015

Otterstein-Fossevikja-Fossedalen

Bjørnar og Borghild Otterstein (grunneigarar) med mor mi

Borghild opnar den nye turstien


I dag vart stien frå Otterstein til Fossevikja formelt opna ved snorklipping av 90 år gamle Borghild Otterstein. Ho flytta hit til den einaste busetnaden på Otterstein i 1945. Ein flott augneblink.

Men først ynskte Sigvard Skaar velkomen. For deretter å overrekke Rolf Kleiven eit fat i lønn, snekra på ungdomsskulen av ein skuleelev frå ei lønn som ein hadde saga ned ved ungdomsskulen. Dette var som løn for jobben han har gjort i stigruppa i Dale, og alle timane med merking og tilrettelegging av sti. 


Rolf får sitt fat i lønn som løn for utmerka arbeid i stigruppa i Dale

Rolf heldt så ei orientering. Som gamal fotballspelar meinte Rolf at fotball fekk fram det verste i han, medan stimerking og varding fekk fram det beste i han. Ein vart snill av stimerking.! Han poengterte for ein flott jobb Ingeborg Tysnes hadde gjort med den ny informasjonstavla på Otterstein. Deretter litt om det praktiske for dagen. 

Frå Indre Sunnfjord Turlag hadde leiar i stigruppa Atle Holsen møtt opp. Han delte ut effektar frå turlaget. I tillegg var det utlodding av 3 gratis overnattingsturar på Nipebu ved Linda Hovland og Fossedalens Vener.


Atle Holsen



Den nye infotavla på Otterstein
Agnar og Rolf studerer den nye infotavla

Etter at snorklippinga så var unnagjort, gjekk heile flokken "som sild i tønne" den nye stien til Fossevikja. Køa var såpass lang at det var full stopp mange gonger. Sjølv talde eg til 120 stk, utan å få med meg alle hovuda som var frammøtte. At det var noko i nærleiken av 150 som var møtte fram, er vel ikkje å ta for hardt i. Veldig bra når er tek omsyn til at det regna godt om morgonen. 


Etter å ha gått omlag kilometeren til Fossevikja, var det somme som gjekk stien tilbake med det same. Men fleirtalet av dei som hadde teke seg hit heldt fram til Nedre Fossedal. Agnar Åsnes var turleiar. Her oppe var det matykt. Somme tok også turen oppom fossen. Fleire av deltakarane hadde ikkje vore her før. Det er dessutan mogeleg at enkelte gjekk i Øvre Fossedalen òg.







På veg ned att tok 89 år gamle Ingrid Fagerheim imot oss på hytta Elraki ved lonane i Fossedalselva. Imponerande at Ingrid hadde teke turen opp frå Dalsfjorden og Kleivane denne dagen. Ho serverte saft, kjeks og kaffi til dei mange som stakk innom på heimturen. Deretter orienterte ho om historia til hytta. 

Ingrid Fagerheim t.h.

Ingrid Fagerheim orienterer nokre turdeltakarar om Elraki

Til fjorden og Otterstein igjen tok vi oss sjølve kvar for oss. Flott dag og markering av den nye turstien. Saman med Dalsfjordbrua har stien no gjort eit fantastisk fosselandskap og fjellområde på nordsida av Dalsfjorden meir tilgjengeleg for alle!


Ingen kommentarer: