lørdag 4. april 2015

Skålefjellet - igjen...









Flott morgontur på Skålefjellet frå Oslandsbotnen i dag tidleg. Tok opp Nipane på toppen av Brekka. Her låg det mykje snø. Ein god del av denne var av ny dato. Men med trugar gjekk det ganske greitt, sjølv om det var tungt nok. Flott vèr, og vindstille. 

Eg gjekk ned igjen den vanlege ruta om Skålefjellsvatnet til Mannskaret og Gjerdedalen. Her var Roger og Ruben i full gang med å brenne kvist etter treryddinga langs vegen ved den gamle fotballbana. Elles var det bra med folk både i dalen og ut att vegen til Yndestad. 

Ingen kommentarer: