onsdag 8. april 2015

Otters in Stongfjorden


Grått på Staveneset i kveld...
Herleg naturoppleving under joggeturen på Staveneset i kveld. Rett ute i Fauskevika dukka to leikande otrar opp. Eller leikande og leikande - eg veit ikkje om dei slost, leikeslost eller det var eit slags paringsrituale. Kanskje hevding av revir? Finst det ekspertar der ute som veit, så kan dei kanskje legge igjen ein kommentar...

Elles hadde eg ein flott joggetur ut i havgapet. Opplett og lett motavind. Olaug var kjekk og henta meg.


Ingen kommentarer: