onsdag 1. april 2015

Kvitt i kvitt



Etter å ha vore ein tur til Dale og besøkt mor mi på Skaartun, stakk eg i kveldinga ein tur på Skylefjellet. Eg hadde flaks med tidspunktet. For ca kvarteret før meg gjekk Dag Tore og trakka spor opp. Det var nemleg rimeleg godt med snø kome i høgda. Faktisk i knehøgde fleire plassar. Eg traff Dag Tore oppe på ranen ved toppen på veg ned igjen, og slo av ein liten prat i alt det kvite. Det var nemleg ikkje mange meterane sikt her oppe. 

På veg ned igjen lysna det litt i vest. Faktisk slik at eg knipsa eit par bilder med mobilen. For meg såg det ut til at vèret slo meir over på nord, så då blir det nok betre i morgon. Kjekt det!

Og heime igjen såg det slik ut....




Ingen kommentarer: