mandag 6. april 2015

Dyr på tur...

Skålefjellet i bakgrunnen



Bakken under Langedalen
På Størdalsstauren

Mjåset

Yndestad

Foto Moldura_Størdalsstauren 060415



I dag tok eg turen bort på sørsida igjen, og gjekk opp frå Neset til Moldura. Fint og stilt ved fjorden, men ovanfor Langedalen fekk eg ein sur vind i fjeset. Sveittevåt og tynnkledd som eg var måtte eg berre byte klede bak ein stein. Her oppe kom og gjekk skodda. Inn i mellom keik sola fram. Men oppe på toppen var det heilt kvitt. Eg fann likevel fram til varden i den dårlege sikta. Nokolunde kjend som eg er.... Eg knipsa eit par bilder og følgde konsekvent spora ned igjen til under skoddelaget. 

Deretter tok eg turen ut på Størdalsstauren. Her var det ganske fint. Men bles dessto meir. Nokon verandes plass var det difor ikkje her heller, så det var berre å kome seg i bevegelse att. Eg gjekk difor aust igjen til Langedalen, og ned att same vegen til fjorden. 

Eg kom over fleire dyr som var på tur i dag. I tjukkaste snøen langt opp på fjellet. Om dei var like bra eller betre utrusta enn meg under dei rådande forholda skal vere usagt. Men åmer og insekt høyrer vel ikkje heilt vinteren til!? Men gudane veit. Det er visst så mangt slag som er i endring om dagen... Ein fin tur hadde iallefall eg...



Ingen kommentarer: