søndag 22. februar 2015

Whiteout

 






Eg tok tidleg avgarde på Toreheia i dag. Det var kome nokre centimeter med nysnø i løpet av natta. Vèret var sånn passe med litt skodde oppe i fjellet, men eg rekna det som ein grei tur opp på Toreheia. 

Slik gjekk det derimot ikkje. Først og fremst for at det låg minst 30 nye centimeter med nysnø oppover mot Krikavatna. Sjølv med trugar vart det eit slit. Då eg så kom opp til vatna, og fekk sjå opp mot toppen, var det berre skodde. I tillegg begynte det å snøe. Ja, det begynte å snøe slik at eg ikkje såg nokon verdens ting. Unnateke spora tilbake. 

Det er ingen skam å snu heiter det visst. Dei par siste åra har eg ikkje vore så nøyen som før med å nå toppane. Tidlegare var det alltid eit must med å skrive seg inn i bøkene på fjelltrimmen. Slik tenkjer eg ikkje lenger. Heldigvis får eg seie. No går eg dit det passar meg, og når eg ikkje toppen, så er det slett ikkje så nøye. Eg har vore på alle toppane ørten gonger før. Så eg tusla meg heim igjen. I null sikt. I kvite snøkaven. Såg nesten ingenting heilt til eg kom meg ned igjen til hyttene ved Svartevatnet. Greitt det. Trimmen var i boks. Eg var nøgd med det slik...:-)

Ingen kommentarer: