tirsdag 11. november 2014

Nydeleg stjernetur....

Stongfjorden og Florø frå Skålefjellet i kveld


Fantastisk flott fjelltur med hovudlykt på Skålefjellet i kveld. Ja, det var så stilt og flott at eg tok ein test på den øvste trasèen opp. Her er det ikkje merka med anna enn vardar. Men det er eit godt alternativ å gå hvis det blir is og skare opp over hammaren ved første elva. Eg fann fint opp denne vegen òg, forbi Skålefjellsvatnet og opp. Ned igjen tok eg den vanlege ruta, der øvste partiet er merka med refleksstenger. 

Det var ein spektakulær stjernehimmel på toppen. Eg tok eit par bilder med forseinking på kameraet. Men som vanleg blir det ganske fort kaldt når eg må vente på kameraet, sveitt som eg er. Så det vart med berre to bilder.. Eg får ta med meg meir klede neste gong. 

Elles var det litt artig at nede på flata i Gjerdedalen var det frose på, medan det lenger opp berre var vått av dogg. Det er eit skikkeleg kuldehol nede ved elva der. 

Ingen kommentarer: