lørdag 1. november 2014

Faen slo seg laus...

Eg traff Arild inne i Gjerda i dag tidleg, og slo av ein prat med han. Dei skulle visst på jakt. Han, Knut og Håvard. 

Vèr og vind er jo alltid eit samtale-emne. Vi var skjønt einige om av temperaturen på 16 plussgrader 1.november var spesielt. Vi var òg einige om at det ville halde seg opplett eit par timar til....(og slik var eg kledd òg...) ! Der tok vi skammeleg feil !

Omlag halvveges oppe i Brekka begynte det å regne og blåse. I tillegg kom skodda sigande. I bratta over hammaren fekk eg heile stasen midt i fleisen. Og lenger oppover mot toppen vart det berre verre og verre. Ja, det var minst like gale i dag tidleg som "stormturen" hi veka. Og så tjukk som skodda vart, kan eg ikkje hugse at ho har vore før. Spesielt på siste ranen opp var det ikkje meir enn 5 meter sikt. Godt då at det er så godt merka som det er. 

Eg fekk namnet i boka. Pissande blaut frå topp til tå var det berre å peise på ned igjen på sleipe det fortaste eg vann. Nede ved bilen att var det berre å vrengje av seg alt eg hadde på meg. Heim att køyrde eg i nettoen...! Steik det vart vått !


Ingen kommentarer: