lørdag 13. september 2014

Ikkje heilt som planlagt...

Fint ved Botnastølsvatnet

På Skålefjellet i skodda


Fin men farleg...
Tett i tett...


Turen i dag gjekk vel ikkje heilt som planlagt. Eg starta tidleg frå Oslandsbotnen. I 07.30 tida. Gjekk så opp Brekka og inn nordsida av Botnastølsvatnet til hytta på bildet ovanfor. Deretter opp lia til Svartetjørna, der eg tok nokre kast med fiskestonga. Gjennomsveitt som eg var, vart det fort kaldt i trekken. I tillegg dreiv det stadig meir skodde ned frå fjellet. 

Eg fekk på meg noko meir klede. Deretter heldt eg fram opp fjellet, kryssa litt fram og tilbake frå Nipane og sørover til Holmedalssida, utan å høyre sauebjøller. Her oppe var skodda så tjukk at eg snart ikkje såg nokon ting. Likevel bestemte eg meg for å finne toppen på Skålefjellet, då eg tenkte at det var lettare å ta seg ned igjen etter merkinga mi til Gjerdedalen. Eg fann toppen ved å følgje stupa som går beint ut for på nordsida mot Stongstølen. Lite sikt og kald vind gjorde til at eg fann ut det var best å trekke ned igjen. Det var liten vits i å gå sørover til Svarthamrane og fortsetje turen den vegen. 

Så slik gjekk det i dag. Eg fekk iallefall sondert ut terrenget mot Botnastøls- og Svelikanten. Her gjekk det iallefall sauer. Men på veg ned igjen i skoddeheimen høyrde eg to bjøller i Svarthamrane/Skålefjellsvatntraktene. Å gå etter desse ut i skoddeheimen var liten vits i. 

Sjølvsagt vart vèret betre seinare på dag. Nede i bygda igjen såg eg faktisk nesten toppen på Skålefjellet. Men men eg får ta turen opp att i morgon. Vèrmeldingane ser visst betre ut då...!

Ingen kommentarer: