onsdag 6. august 2014

Musikkveld på Nedre Tveit i Holmedal













Omlag 70 menneske hadde møtt opp på uteområdet på Nedre Tveit i går for ein musikkveld. Personleg hadde eg aldri vore her før. Det vart såleis ei mektig oppleving. Ikkje minst då Kåre tok ei lita omvisning for Olaug, Odd, Ellen og underteikna, innandørs, i dei gamle og velhaldne bygningane 

Musikalsk var det "Havbrus" som underheldt med slåttar, vals og rheinlenderar med flott felespel til, og gitar av Jørgen Alisøy og på bass Sondre Haugen, son av Jan. Dessutan fleire flotte solonummer av Egil Furenes. Jan på Hogje spelte både einradar, toradar og fleirradar. Som om ikkje det var nok spelte han på bukkehorn, så ekkoet lydde i fjellsida på Dokka. Eg kjende meg nærast sett 1000 år tilbake i tid ! Vidare underheldt gardsfolket med flott solosong. Og alt dette vart halde styr på av Oddvar Vassliås som sjølv framførde fleire songar. Morosame og salmar. 

I den låge kveldssola, ved dei gamle og flotte bygningane, og det nydelege uteområdet, vart det ei fantastisk kjekk kveldsstund. Avslutta med kaffi, heimelaga kaker, lappar, natronkaker, rørt bringebærsyltetøy og heimelaga saft (for å nemne noko).  Og sjølvsagt ein god drøs. Ein fantastisk kveld ebba ut då sola forsvann bak den prektige Dokka. Takkar vertskapet for ei minnerik oppleving !

Ingen kommentarer: