tirsdag 17. juni 2014

Skjerlia/Eitrenipa/Nordre og Søndre Kringla/Fossedalen

Eg fekk spørsmål på Facebook om å sette i hop nokre bilder frå ovannemnde rute. Sett frå Dale er Eitrenipa og Nordre og Søndre Kringla litt like. Det er dei forsåvidt når du går her oppe òg. Og det ber nok desse bilda litt preg av. Men eg skal gjere så godt eg kan. Eg vel dessutan motsett veg. Frå Skjerlia (Førdefjordsida) til Fossedalen. Dei fleste har vel gått til Øvre Fossedalen. Om ikkje er det svært god sti opp hit. Bilda er tekne no i vår/sommar.  


Frå Skjerlia er det bra sti opp ved elva frå Leknesvatna. Du tek av frå stien til Nipebu ved elva, og føl venstre sida oppover (sjølvsagt motsett når du kjem frå Fossedalen).... Frå omlag midtveges kjem du til denne strengen å halde deg i ved elva. 

Etter omlag ein halv times gange kjem du opp til Eitrefossen. Den ser du òg frå hovudvegen i Skjerlia. Opp hit har du då gått gjennom furuskog og over nokre hamrar. Her er sti og vardar. Ved Eitrefossen er det ein streng til å halde seg i. Opp skåra til venstre og grasbakken i øvre venstre kant. Vinterstid er det ofte glasert med is her pga fossen. Då treng du broddar/stegjern. På sommarstid er det problemfritt for "folk flest" å ta seg opp eller ned.

 Ved Eitrefossen er det flott utsikt ned igjen til Skjerlia og vegen du har gått.

Her er utsikt mot sør over lagunane ovanfor fossen. Fossen renn ut for i høgre biletkant.


Her er utsikt mot aust ved Leknesvatna. Vi ser Blegja og Eitrenipa t.h. Det er småkupert og lett terreng  innover hit. Ruta går over vadet mellom vatna midt i bildet. Det er god sti. Vidare går ruta opp grasbakken t.h. Skåra t.v. og opp skåra t.h. i øvre høgre biletkant (sjå bildet nedunder).  

 Motiv ved vadet mellom vatna. Her er ei god bru å gå over. 

Foto frå nemnde grasbakke. Vi ser skåra som går frå høgre mot venstre og venstre mot høgre ovanfor. Her er bra sti i oppgangen av skåra. Ingen problem med å ta seg opp i første skåra. I andre skåra som går motsett veg opp er det snaue fjellet. Om det er vått er det ein føremon med gode sko. Elles er skårane breie å gå, men sjølvsagt luftige ut på kanten....Om vinteren bør du ha litt erfaring med å gå i fjellet då det kan vere isete her oppe. 

Her er eit oversiktsbilde frå Eitrenipa med utsikt mot nordvest der du kom i frå (eller skal). Vi ser Markavatnet (Skjerlia) i øvre venstre kant. Leknesvatna strekkjer seg nesten over heile bildet. Lagunane og Eitrefossen ved utløpet. Og vi ser tydeleg vadet mellom vatna, og ruta på nordsida. Heilt oppe i venstre kant ser vi Svanøya og øyane i Florø. Gjelsvikestølane og Gjelsvikefjellet t.h.  

Mot sør ser vi no Dale og Fossedalsvatnet t.h. Nordre Kringla ligg beint i mot med Eitreskaret nedom føtene. Oppstigninga på Nordre Kringa ser vi i venstre kant. Underlaget er rein stein. Alle tre fjella består av rein konglomerat som gjev godt fotfeste.  

Her er utsikt nord igjen til Eitrenipa frå oppstigninga til Nordre Kringla. Vi ser skåra som går ned i Eitreskaret. Dette er greiaste vegen opp på Eitrenipa frå Øvre Fossedalen, men skal du på Nordre og Søndre Kringla, er det best å ta ned mot aust (eller gå opp frå aust når du kjem frå Nordre Kringla). 

Her ser vi nedstigninga frå Nordre Kringla frå oppstigninga til Søndre Kringla.

Her er foto frå Søndre Kringla mot Nordre Kringla i høgre biletkant. Eitrenipa bakom den igjen. Krokavatnet og mot Skjerlia midt i bildet.

Utsikt frå Søndre Kringla mot vest/nordvest. Vi ser Fossedalsvatnet og Øvre Fossedalen t.v. midt i bildet, og mot Krokavatnet og Skjerlia t.h. Fossedalshengenipa midt i bildet oppe. 

Frå nedstigninga mot skaret i vest på Søndre Kringla. Toppen oppe t.h. I skaret er det bra sti 

Her ser vi toppen av Søndre Kringla oppe t.v. og det nemnde skaret du går ned igjen mot Øvre Fossedalen. Foto frå Eitrenipa.


Nordre og Søndre Kringla frå Øvre Fossedalen. Skaret opp i øvre venstre biletkant. Stien føl først opp t.v. der du litt lenger oppe ser opp i nemnde skar. 

Frå Vassenden på Fossedalsvatnet ser vi her Eitrenipa 856 moh, Nordre Kringla 782 moh og Søndre Kringla 800 moh. Stien går inn med vatnet til Øvre Fossedalen midt i bildet. 

Foto frå Eitrenipa kan du sjå her. Eg held dessutan på med ein serie frå Kringla. Håpar dette kan vere til litt hjelp. Eg er dessutan lett å kontakte. 

P.S. Eg er klar over at det vart mykje skar og skårar dette her, men det står vel til namnet på bloggen....:-)


Ingen kommentarer: