lørdag 10. mai 2014

Fattig og rik

På Yndestadhøgeheia i dag



Toreheia

Eg tok det ganske så piano i dag. Rusla ein tur opp på Yndestadhøgeheia og Toreheia her heime. Greitt å sleppe alt styr med å reise nokon plass for å gå på tur. Dessutan bestemte eg meg for å ta ned att alle "vinterstengene" oppe ved Toreheia. Stengene som eg brukte å gå etter med hovudlykt i vinter. Eg har gøymt dei ovanfor Rinda til bruk på Skylefjellet til vinteren igjen. Så slepp eg å dragse dei opp igjen i haust. 

Elles var det jo ein fantastisk flott dag i dag. Vindstille og delvis sol. Bra temperatur. Kusymrene står i full blomst opp heile dalsida mot Yndestadhøgeheia. Her oppe kom eg over årets første hoggorm òg. Ein liten fjorårstrave som var så redd og kjapp i vendingane at eg ikkje fekk fotografert han heller. Kjekt med det livet ein ser. I tillegg høyrde eg årets første gauk. Litt heipiplerker er på plass, og eit par steinskvettar observerte eg òg. . 

Men det er tragisk å registrere at fuglefjellet på Runde er omlag fuglefritt. Ja, slik har vi stelt oss. Det er ikkje fuglane sin feil at dei ikkje klarar å reprodusere seg. Når ein trålar opp all næringa i havet fuglane skal leve av for å fòre opp oppdrettslaksen, så må det jo gå gale. Med klimaendringane i tillegg blir resultatet katastrofalt.... Nei, det er pengane som styrer alt. Til slutt sit vi paradoksalt nok att fattigare alle saman.... Tragisk for komande generasjonar!

Ingen kommentarer: