mandag 12. mai 2014

De nære ting


















De nære ting

Ditt sinn monne flyve så vide omkring,
det er som du glemmer de nære ting,
det er som du aldri en time har fred,
du lengter bestandig et annet sted.

Eg vakna opp vel vitande om at det var avslutning av fotballsesongen i England, og, ikkje minst, at favorittlaget mitt Derby (oppnamn Rams og difor Instakonto ramsgust) spelte andre kamp i kvalifiseringa til Premier League. Fuglane i magen var merkbare. Og sjølv om eg hadde pakka sekken for ein heil dag i fjellet, skrinnla eg det heile. Fjell fekk vere fjell. Eg ville heller nyte dagen i fred og ro heime. Utan kav. For det visste eg kom i fulle muggar seinare på dagen ! Så i staden for fjell vart det fjord. Ei roleg spasertur langs fjæresteinane på Yndestad og utover. 

Vèret var fantastisk. Sol, blikkstille fjord og varmt i lufta. Mangt og mykje spanande var det å sjå. Mykje rusk og rask som skulle vore rydda opp i... Og mykje fantastisk. Bilda frå turen utover ser du ovanfor og her. 
Fjæra & heime 120514

Fotballen gjekk som forventa. Some you win and some you lose. Det viktigaste var at Derby kvaliserte seg til play-off finalen på Wembley 24. Mai. Laget som eg har følgt sidan seint på -60 talet. Heldigvis hadde eg einerom på loftstaua då dette gjekk vegen ! 
















Men etter kampen måtte eg berre springe av meg den yre villskapen og adrenalinen eg hadde i kroppen. Så ganske så seint etter min standard sprang eg meg ein tur på Skylefjellet. I gledesrusen tok eg i bruk dei nye Inov8 goretex joggeskorna. Super tur opp der då det nærma seg solnedgang. Herleg søndag !


Ingen kommentarer: